Marie Launes forlet Maritime CleanTech til fordel for Eidesvik.

Launes forlet Maritime CleanTech – Går over til Eidesvik

– Det har vore spanande å få vera med å formidla dei store endringane skipsfarten må gjennom dei neste åra.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Eidesvik offshore har i mange år vore fyrtårn når det gjelder bruk av ny grøn teknologi i skipsfarten, og eg kjenner dei som eit selskap som kontinuerleg ser etter nye moglegheiter. Ei tydeleg satsing på teknologi og miljø, og samarbeid med andre selskap og forskingsmiljø, blir ein sentral del av selskapet sin strategi også framover. Samla gjer dette at Eidesvik for meg er ein av de mest spanande arbeidsplassar ein finn innanfor maritim sektor.

Det seier Marie Launes til KOM24.

Ho sluttar no som kommunikasjonsdirektør i næringsklynga Maritime CleanTech for å byrja i stillinga som Commercial Environmental Manager i Eidesvik. Før dette har ho og ni år som kommunikasjon- og marknadssjef i Wärtsilä i Norge bak seg.

Pådrivar for nytenking

Og sjølv om ho skiftar jobb no, er ho ikkje ferdig med å jobba med kommunikasjon.

– Eg skal framleis jobba med kommunikasjon, og med å få ut bodskapet om Eidesvik sine satsingar. Samtidig skal eg vera ein vera pådrivar for nytenking og berekraft i selskapet, og driva kommersialiseringsprosessar frå idéstadiet og fram til realisering, seier ho.

Stillinga som Commercial Environmental Manager vil få ei sentral rolle i selskapet sin strategi om å styrka satsinga si på grøn teknologi ytterlegare.

Launes er utdanna innan kommunikasjon frå Napier University, Edinburgh og seier til KOM24 at ho etter 14 år i kommunikasjonsbransjen har erfart at kommunikasjon er eit fagfelt som er i kontinuerleg utvikling.

5G og kunstig intelligens

– Sosiale media var berre i startgropa då eg byrja mi kommunikasjonsreise, men er i dag ein sentral del av dei fleste kommunikasjonsstrategiar. Viktigheita av å kommunisere på digitale flater, og evne til å skilja seg ut i den informasjonsjungelen me møter i kvardagen, blir stadig viktigare. I min bransje er samarbeid mellom bedrifter og industriar blitt ein norm, og eg trur teknologiar som 5G og kunstig intelligens vil skapa nye spanande plattformar for kommunikasjon og samarbeid i åra som kjem, seier ho.

No legg ho bak seg fire år i Maritime CleanTech.

– Det har vore fire veldig spanande år, der eg har vore så heldig å få jobba i eit verdsleiande miljø innan utviklinga av grøne løysingar for skipsfarten. Det har vore spanande å få vera med å formidla dei store endringane skipsfarten må gjennom dei neste åra, og eg har fått leia både norske og europeiske lanseringar av ei rekkje «verdas første» når det gjeld bruk av nye drivstoff, fortel ho.

– Og sist, men ikkje minst, har eg sett pris på det dyktige og engasjerte teamet i Maritime CleanTech, som heile tida pusher lista for kva som er mogleg å få til.

Powered by Labrador CMS