Dette biletet er frå sist gong Marius Knutsen hadde høvet til å feira påsken til fjells, i 2018. Men i år skal han opp igjen.

PÅSKEPRATEN:

Då Marius skulle til Købehavn for å fotografera Ståle Solbakken i hans siste kamp for FCK, enda han i Sverige og kom for seint til avspark

Marius Knutsen seier han aldri kjem til å gløyma turen for VG til København for å fotografera Ståle Solbakken. Dei enda opp med å komma for seint til avspark.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

KOM24 har stilt fem spørsmål til ei rekke folk i kommunikasjonsbransjen om kva dei skal gjera denne påsken, kva dei vil vil anbefala andre å kosa seg med denne påsken og kva som er det mest morosame dei har opplevd på jobben.

I dag er det Marius Knutsen, kommunikasjonskonsulent i NCE Maritime CleanTech som svarar i påskepraten.

– Kva skal du gjera denne påsken?

– I påsken håpar eg på mange solfylte skidagar saman med familien på hytta på Vågsli. Oppover, bortover og nedover! Familieauke og pandemi har sett ein stoppar for fjellpåske fleire år på rad, så no håpar eg verkeleg me får høve til å reisa opp. Det er også knytt stor spenning rundt 4-åringen sin debut på slalomski. God mat og drikke høyrer sjølvsagt med.

– Kva medier/seriar/podkastar/innhald vil du anbefala andre å konsumera i påsken?

– Brukar mykje tid på podkast om dagen – både i samband med husrenovering og trening. Jann Post og Kristian Ulriksen sin «I det lange løp» er strålande informativ og interessant om ein likar lange løpeturar. «Jan Thomas og Einar blir venner» har blitt ein guilty pleasure. Sleivsparka til Vegard Tryggeseid i «Må på behandling» sluttar aldri å sjokkera. Anbefaler forøvrig to krim-klassikarar i påsken: «S-Town», frå skaparane av «Serial» og danske Politikens «Kvinden med den tunge kuffert».

– Tine har fått kjeft etter at dei i år valde å droppa påskekrimmen på mjølkekartongen, til fordel for eit digitalt påskeunivers. Kva tenkjer du om det?

– Eg veit ikkje kor mange påskemorgonar eg har starta ved å irritera meg over at eg ikkje klarer å løysa påskekrimmen på mjølkekartongen. Akkurat det skal bli fint å sleppa. At noko brått snur på femøringen og blir gjennomført digitalt kan vel ikkje sjokkera noken, lengre?

- Kva er det mest morosame du har opplevd på jobb?

– Eg har vore utruleg heldig og fått oppleva utruleg mykje i yrkeslivet. Ti år i VG har gjeve meg mange reiser rundt om i Europa og store opplevingar eg aldri kjem til å gløyma. Fleire år i lokalavisa har også bydd på både interessante og morosame episodar. No har eg jobba i litt over eitt år som kommunikasjonskonsulent i NCE Maritime CleanTech, også det har vore utruleg spennande. Eg byrja så og seia på bar bakke i ei verd med teknologiprat, politikk og grøne løysingar, og har sakte men sikkert forstått litt og litt kva det går i. Det gir meistringsfølelse.

– Det kjekkaste til no er likevel då sportsjournalist Jostein Magnussen og eg blei sendt til København i 2011. Den no nybakte landslagstrenaren til Norge, Ståle Solbakken, skulle leia laget sitt for siste gong i Parken. Solbakken hadde legendestatus i den danske hovudstaden, etter å ha leia laget sidan 2006.

– Turen starta bra for underteikna sin del. Me la opp til ei tight reiserute. Flyet frå Gardemoen skulle likevel landa tidleg nok på Kastrup til at me hadde ein liten time i Parken før avspark. Som fotograf får ein stort sett ansvar for å køyra leigebilen frå A til B. På veg ut av Kastrup klarte eg å ta feil avkøyring i ei rundkøyring. Brått var me midt på Øresundbrua, og måtte nærast heilt til Malmö for å snu. Timen me skulle førebu oss til kampstart var vekke, og når me kjem til Parken er kampen alt i gang.

– Med innbyttarpuls og litt for mykje kamerautstyr spring eg ut på graset og får sjå Solbakken leia laget sitt for siste gong på heimebane. Dei sikrar også ligagullet. Etter kampen ber spelarane nordmannen på gullstol rundt om på banen, til ellevill jubel frå dei mange tusen på tribunen. Sjølv er eg tett på Solbakken og dei euforiske København-spelarane. Dei dynkar nordmannen med brune, skummande Carlsberg-dropar. Når det roar seg er Solbakken klissvåt. Fullstendig neddynka i pils. Eg også. Me går saman av banen. Solbakken med hendene over hovudet. Takkar fansen på veg inn i garderoben. Og supportarane takkar han. Eg ser det heile gjennom eit klissete kamerahus. Det oppdraget kjem eg aldri til å gløyma.

- Korleis blir resten av kommunikasjonsåret?

– Sjølv om vaksineringsarbeidet har starta og ein skimtar lyset i enden av pandemi-tunnelen, trur eg framleis det gjeld å levera best mogeleg på digitale flater ut året. Å arrangera webinar og andre digitale møter, på ein god måte, er mykje meir utfordrande enn å gjera det i verkelegheita. Den utfordringa gjer det interessant å gå på jobb kvar dag.

Powered by Labrador CMS