Prisvinnarane Linda Eide (frå venstre) og Gunnstein Akselberg, saman med UiB-rektor Margareth Hagen.

Fekk pris for brubygging mellom akademia og verda utanfor

– Vi har lagt så mykje sjel, hovud og hjarte i språksjovet vårt, så no er vi berre veldig stolte og glade, seier dei.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Kven skulle tru at alt frå sterke verb til akronym og eponym kunne vere underhaldande? Gunnstein og eg oppdaga saman at det gjekk an å både opplyse og underhalde om språk på same tid. Vi er veldig stolte over at nokon vil verdsetje arbeidet vårt med ein slik gjev pris.

Det seier journalisten, programleiaren og forfattaren Linda Eide. I dag tek ho mot Christieprisen saman med makkeren og språkforskaren Gunnstein Akselberg, som er professor emeritus i nordisk språk ved Universitetet i Bergen.

Christieprisen vert delt ut kvart år til personar som gjennom arbeidet sitt byggjer bru mellom akademia og verda utanfor. Først trakk dei fulle hus på Litteraturhuset i Bergen gjennom den populære møteserien «Ut med språket!». No har dei gjennom åtte sesongar med «Eides språksjov» snakka om språk og språkbruk, og ord og uttrykk i beste sendetid på NRK.

I nominasjonen som låg til grunn for juryen sitt val, står det mellom anna dette:

«Eide og Akselberg har bevist at språk er spennende og interessant nok til at det fortjener et stort publikum. De har vist at folk som har stor lidenskap for språk, kan lage god underholdning som treffer bredt og som går inn i en norsk virkelighet. De har klart å lage noe som nordmenn kan identifisere seg med, i en form vi ikke har sett på TV før.

Eide og Akselberg har en begeistring og entusiasme som smitter. Eide leder programmet i karakteristisk stil, med humor og kløkt, mens Akselberg briljerer i rollen som stødig pedagog.»

Powered by Labrador CMS