Peder Lofsnes Hauge reagerer på at naudmeldingane frå politiet ikkje kom på nynorsk. No krev han at det vert ordna opp i snarast.
Peder Lofsnes Hauge reagerer på at naudmeldingane frå politiet ikkje kom på nynorsk. No krev han at det vert ordna opp i snarast.

Irriterer seg over Statens naud­meldingar

No krev mållagsleiaren at det vert ordna opp snarast. 

Publisert Sist oppdatert

– Tyskarane står ikkje i Drøbaksundet, og dei har all verdas tid til å laga ein nynorsk versjon, seier ein irritert Peder Lofnes Hauge til Dagbladet.

Onsdag denne veka testa politiet sitt nye naudmeldingssystem og telefonar over heile landet ulte og folk fekk opp ei melding med informasjon om kva dette var for noko.

Meldinga kom på både bokmål og engelsk. 

Men eit språk mangla, nynorsk. 

Det får Lofsnes Hauge, som er leiar i Noregs Mållag til å reagera. 

På Twitter skriv han at det er ei krasjlanding og meiner det berre er enno eit utslag av det statlege bokmålsveldet. 

– Eg forventar at styresmaktene får på plass ei naudvarsling på både bokmål og nynorsk, seier mållags-leiaren til avisa.

Åse Wetås, som er direktør i Språkrådet, seier til Dagbladet at dei vil følga dette opp, medan seniorrådgjevar i DSB, Henriette Magnussen, skriv i ein mail til Dagbladet at dei vurderer å ha nynorsk som hovudspråk ved neste test av systemet.

Powered by Labrador CMS