Starten er å erkjenne at det å ha minoritetsbakgrunn er verdifull erfaring og kompetanse som ein må ta vare på, og at dialogen blir dårlegare om vi ikkje gjev plass til mangfaldet.

MENINGER:

Skal vi oppnå faktisk mangfald, må satsinga femne fleire typar minoritetar

«Kommunikasjonsavdelingane må ikkje vere ein propp i systemet når tiltaka frå ytringsfridomskommisjonen skal setjast i verk.», skriv Mone Celin Skrede.

Publisert

– Vent litt, eg skal berre feste denne på deg!

Eg står klar til å spørje korleis den yngre kvinna framfor meg i hotellobbyen har det.

Personen som kjem bort til meg og heng eit medaljongliknande objekt i ei snor rundt halsen min, er assistenten hennar. Eg er programleiar i ein festival om Borgarstyrt personleg assistanse og likestilling for funksjonshemma.

Etter ei stund forstår eg at objektet eg har rundt halsen, er nøkkelen til at den yngre kvinna forstår kva eg seier. Det er eit kommunikasjonshjelpemiddel.

Og nøkkelen til at ho, som er funksjonshemma, kan ta del i dialogen.

Privilegium

Under Arendalsuka la Ytringsfridomskommisjonen fram sin rapport, NOU 9:2022 En open og offentleg samtale, om korleis det står til med ytringsfridomen i Noreg. Rapporten konkluderer med at det står bra til i Noreg, men at særleg minoritetar slit med å kome til orde.

For at den offentlege samtalen skal spegle samfunnet, må alle ha det same høvet til å ytre seg. Slik sett er det eit privilegium pårekna dei som både kan ta imot informasjon, og ytre seg på tradisjonell måte.

Eit tilgjengeleg ytringsrom

Som kommunikasjonsrådgjevar er eg av og til eit bindeledd mellom nøkkelpersonar i organisasjonen og media, av og til mellom administrasjonen i organisasjonen og medlemmane vi er til for.

Men eitt problem, både for kommunikasjonsbransjen og mediebransjen, er å definere kva som er mangfald.

Kommunikasjonsforeningen tok tak i dette, mellom anna ved å lansere sju tips for betre mangfald i 2021.

Men sjølv dei erkjenner at vi er på overtid, og at dei jobbar med éin type mangfald av gongen.

I kampanjen Anbefalmangfold.no frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet i 2021, har ordet Mangfald blitt synonymt med etnisk mangfald.

Sjølv seier byrået Tante Randi som står bak kampanjen, at det «å satse på mangfald» blir for lite konkret. Men skal vi oppnå faktisk mangfald, må satsinga femne fleire typar minoritetar.

Gjer den ikkje det, risikerer vi å bli sitjande fast i ein konkurranse om kven som skal prioriterast først.

Rampe

Ikkje så lenge etter at Ytringsfridomskommisjonen lanserte NOU-en, skreiv avisa Framtida om NRK Supernytt-profil Salamatu «Sally» Kamara, som ikkje kom seg opp på scenen saman med kollegaene sine for å ta mot NRKs interne mangfaldspris.

NRK hadde ikkje sørga for rampe, og dermed fekk ikkje ein av personane som bidreg til mangfaldet i NRK, ta imot mangfaldsprisen på lik line med dei andre mottakarane.

Ved å tilsette Kamara har NRK ikkje berre fått ein god arbeidstakar, dei har òg fått sjansen til å lære korleis dei diskriminerer menneske som representerer ulike typar mangfald og dernest korleis dei kan unngå det.

Kva folk ønskjer å vite

Det som festa seg først då eg starta arbeidet som kommunikator, var det å skulle visualisere målgruppa.

Å ikkje berre vere oppteken av kva folk må få vite, men òg om kva dei ønskjer å vite.

I ein organisasjon for og av menneske med funksjonsnedsetjing, handlar det òg om korleis dei skal ta imot informasjon.

Legg eg ut ein biletpost på sosiale medium utan å leggje på synstolking eller alternativ tekst, har eg aktivt stengt ute dei i våre målgrupper som har ei synsnedsetjing.

Når vi veit at funksjonshemma er Noregs største minoritet, 18 prosent av folket, og at minoritetar generelt, etniske, urfolk, seksualitet og kjønn, slit med å kome til orde, bør dette angå fleire enn oss som kommuniserer direkte om og for minoritetar.

Propp i systemet

Profesjonaliseringa av kommunikasjonsfaget kan i beste fall sikre raskare og opnare informasjonsflyt om verksemder, meiner kommisjonen. I verste fall kan det avgrense tilgangen på informasjon.

Kommunikasjonsavdelinga kan fungere som ein propp i systemet, særskilt for media.

Tradisjonelt har heller ikkje kommunikasjonsbransjen vore gode på å måle effekten av arbeidet, ifølgje Alexander Buhmann ved Handelshøyskolen BI.

Ytringsfridomskommisjonen påpeiker òg at det manglar forsking på korleis fleire minoritetar nyttar ytringsfridomen, og at det særskilt for funksjonshemma manglar infrastruktur som er god nok. Det er eit symptom på eit større problem, at minoritetar generelt sett er for dårleg representert i samfunnet.

Då hjelper det ikkje om eg som kommunikasjonsrådgjevar, ikkje berre sender ut informasjon som eg ikkje veit om treff, men som eg heller ikkje veit om faktisk når fram til ein stor del av målgruppa, anten fordi dei ikkje kjenner seg att i han, eller fordi dei ikkje får tilgang på han.

Starten er å erkjenne at det å ha minoritetsbakgrunn er verdifull erfaring og kompetanse som ein må ta vare på, og at dialogen blir dårlegare om vi ikkje gjev plass til mangfaldet.

———————————————-

Dette er et meningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS