Illlustrasjonsbilde av Haukeland universitetssjukehus.
Illlustrasjonsbilde av Haukeland universitetssjukehus.

Fekk 200 000 meir i løn enn forgjengaren og stillinga vart aldri lyst ut

Jusprofessorar reagerer.

Publisert Sist oppdatert

Dei siste vekene har media i Bergen rulla opp ei spesiell sak i Sjukehusapoteka Vest.

Det byrja med at sjefen for sjukehusapoteket på Haukeland universitetssjukehus, Pål Espen Johannessen varsla Legemiddelverket og fylkeslegen for han meiner at han er vorte hindra i å tilsetja ein driftsingeniør og kontorsjef.

Samstundes har styret på apoteket truga med å sparka Johannessen, sjølv om han hadde sterk støtte blant dei tilsette.

I mars vart han likevel fråteken leiaransvaret då han er delvis sjukmeld og ein konsulent har tatt over leiarjobben.

Sjukehusapoteka Vest HF er som eit av fem sjølvstendige helseføretak del av spesialisthelsetenesta, og eigd av Helse Vest RHF og har over 240 tilsette.

Dei driver sjukehusapotek i Bergen, Førde, Haugesund og Stavanger.

Tysdag skriv Bergens Tidende at i fjor vår vart dei hovudtillitsvalde ved Sjukehusapoteket Vest informert om at den dåverande kommunikasjonsleiaren hadde sagt opp jobben sin og at dei no skulle styrka kommunikasjonsarbeidet.

Alt då var det klart at Sjukehusapoteket Vest ville tilsetja Bernt Flekke som kommunikasjons- og marknadsdirektør og dagen etter møtet skreiv han under på kontrakten.

Flekke fekk plass i leiargruppa og ei løn som var 211 000 kroner høgare enn sin forgjengar si løn.

– Styret og leiinga var veldig opptatte av å styrke marknadssatsinga vår for den delen som er konkurranseutsett, samtidig som Bernt sat på spisskompetanse og detaljkunnskap, særleg om prosjekt og beredskapsarbeidet. Det var utenkeleg at vi berre kunne hente inn nokon annan, i den pressa situasjonen vi sto i, seier Sjukehusapoteka vests administrerande direktør, Jon Bolstad, til Bergens Tidende.

Han vil ikkje seia kva den pressa situasjonen bestod i og seier at dei tillitsvalde var samde i avgjersla.

Avisa har snakka med to jusprofessorar som peiker på at stillinga skulle ha vore lyst ut før Flekke fekk den.

Powered by Labrador CMS