Arne Eithun slår eit slag for at kommunikasjonsrådgjevarar ikkje uttalar seg i tide og utide når ein har fagpersonar ein kan bruka..

«Eg var ein talsperson heilt utan tillit»

Eg har tidlegare uttala meg om medisinsk faglege spørsmål. Svara var kanskje greie, men tilliten til meg og oss vart nok dessverre ikkje styrka.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Vi ser og høyrer dei ofte, og i mange samanhengar er det heilt ok, og til og med kanskje den beste løysinga. Men vi skal vere veldig medvitne på når og kvifor kommunikasjonsrådgjevarar, eller sjefar, blir brukte som talspersonar for verksemda si. Enkelt og greitt fordi det handlar om truverd. La meg prøve å utdjupe.

Og eg skal starte med habilitetsomgrepet, sjølv om det ikkje har noko direkte med mitt poeng i denne teksten å gjere.

Kvifor uttalar ein kommunikasjonsrådgjevar seg om dette?

Men truverd og habilitet har mykje av det same ved seg. Sjølv om ein reint juridisk i mange samanhengar ikkje er inhabil, så er min påstand at tilliten likevel er svekka berre ved at nokon har reist problemstillinga. Ein kan sånn sett seie at ein ikkje heilt og fullt rår over eigen habilitet, sjølv om det i lovverket er tydleg definert kva som er innafor og ikkje. Slik er det også med truverdet vårt – der vi ofte tenkjer at så lenge vi opptrer rettskafne og ærlege, og ingenting av det vi seier er feil, så må det vere godt nok. Gode kommunikasjonsrådgjevarar, som har drilla ein bodskap, kan nemleg med første auge- og øyrekast oppfattast slik. Men er det dermed sagt at dei, og den dei representerer, blir oppfatta som tillitsfulle og truverdige blant publikummet sitt? Sjølv om bodskapen vart presist formidla, så sat kanskje motparten heller og tenkte på følgande spørsmål; kvifor uttalar ein kommunikasjonsrådgjevar seg om dette? Kvifor får eg ikkje høyre eller sjå sjefen, eller fagpersonen, eller den som er direkte ansvarleg for saka? Kanskje tenkjer også fagpersonen i eiga verksemd, kvifor er det ikkje eg som blir brukt som talsperson?

På same viset som med habilitet, vi har altså eit tillitsproblem med ein gong nokon stiller spørsmål ved rollene våre. Vi kan forsvare oss til vi blir blå om kva som var tanken bak å sleppe til kommunikasjonsrådgjevaren, men det hjelp så lite dersom nokre først har trekt oss i tvil.

– Den rette personen som svarar

Difor er det viktig at vi sjølve også stiller desse kritiske spørsmåla frå tid til anna. På min arbeidsplass har vi kommunikasjonsrådgjevarar som er knakande gode talspersonar, og nokre gonger betre enn fagpersonen som uttalar seg. Men vedkomande er ikkje i nærleiken å ha den same faglege integriteten, og kjem aldri til å få det. Det er eit faktum, med berre nokre få unntak. Tillit handlar ikkje berre om å svare dei rette tinga, vel så ofte handlar det om at det er den rette personen som svarar.

La meg, før eg går vidare, skyte inn at enkelte gonger så fungerer det utmerka å ha ein god kommunikasjonsrådgjevar, eller sjef, som talsperson. For eksempel når tida er knapp, eller ingen andre er tilgjengelege. Men kanskje aller mest når ei ulykke inntreff, ei dramatisk hending skjer eller når andre akutte kriser oppstår. For då er gjerne talspersonrolla ein del av oppdraget vårt. I alle fall i første fase av krisa. Rolla er definert, enkle førstefasebodskap er utarbeidd, leiinga er i krisestab og vi kan gje presse, tilsette og publikum god og naudsyn informasjonen. Her har vi som bransje mange gode eksempel å vise til – og krisekommunikasjon er vi drilla på. Så det er ikkje dette eg tek opp i denne teksten. Eg problematiserer heller den litt meir normaliseringa vi har sett dei seinare åra ved at kommunikasjonsrådgjevarar blir gjort til faste talspersonar i nær alle saker som omhandlar verksemda.

Eg tør ikkje påstå at dette er feil veg å gå, men eg tør å meine det. Ingen vitskap underbyggjer mi meining, men erfaringa mi etter eit langt liv både som journalist og kommunikasjonssjef fortel meg at våre fagpersonar er våre fremste tillitsambassadørar. Sjølvsagt er mange av dei usikre i møte med media, og kan gje oss ei ripe i lakken i ny og ne. Men det må vi akseptere, og heller tenkje at dei blir betre med erfaring. Difor er vår hovudregelen at vi skal trene, trygge og førebu våre fagpersonar slik at dei alltid er tilgjengelege og motiverte som talspersonar. Den som eig eit ansvarsområde skal svare om sitt ansvar. Så enkelt, og vanskeleg, på same tid.

Eg var ein talsperson heilt utan tillit

Dei gongene eg uttala meg om medisinsk faglege spørsmål for eit helseføretak førebudde eg meg godt på kva spørsmål som kom, kva eg skulle svare og korleis eg skulle snakke med journalistane. Det var jo faget mitt. Og det gjekk tåleleg greitt. Synst eg. Problemet var at verken journalisten, publikum eller dei tilsette i føretaket ynskte å høyre kommunikasjonssjefen snakke om desse tinga. Og veit de kva? Eg er heilt samd. Eg var ein talsperson heilt utan tillit.

Så la oss gjere oss sjølve, pressa og våre dyktige fagfolk ei stor teneste - slepp fram leiarane og medarbeidarane våre, og tren og trygg dei til å bli våre viktigaste ambassadørar.

Powered by Labrador CMS