Marion Solheim skal ha bypåske saman med familien i år.

PÅSKEPRATEN:

For Marion er det pur lykke å ein sjeldan gong få låse seg inn på kontoret og sleppe å ha oppvaskstabelen, katten eller barneleikar i sidesynet

– Sånn er det blitt!

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

KOM24 har stilt fem spørsmål til ei rekke folk i kommunikasjonsbransjen om kva dei skal gjera denne påsken, kva dei vil vil anbefala andre å kosa seg med denne påsken og kva som er det mest morosame dei har opplevd på jobben.

I dag er det Marion Solheim, seniorrådgjevar kommunikasjon ved Det medisinske fakultet på Universitetet i Bergen, som svarar i påskepraten.

– Kva skal du gjera denne påsken?

– Sukk, med smittevern i fokus blir det nok bypåske på oss. Skulle helst reist til odelsgarden og sauelamming i Nordfjord, men vi får satse på sol og late dagar i Bergen i staden for. Kan hende vi klinkar til med hagerydding eller den slags.

– Kva medier/seriar/podkastar/innhald vil du anbefala andre å konsumera i påsken?

– I påska prøvar eg sky alt digitalt som pesten, og dreg heller fram herlege bøker med ekte papir. Sånne du kan snuse i. Og sjølvsagt må det vere krim. Håkan Nesser er min personlege favoritt der. Har også grådig lyst å lese «Klara og solen» av Kazuo Ishiguro, fordi eg er djupt fascinert og samstundes pissredd for kva som ligg framfor oss når det gjeld kunstig intelligens og genmanipulering.

Det digitale unntaket i mi retro-påske er at eg har ein maraton-kveld eller to med krim på Netflix eller HBO – helst britisk, helst med seriemordar, helst dunkel og seig.

– Tine har fått kjeft etter at de i år har valgt å droppa påskekrimmen på mjølkekartongen, til fordel for eit digitalt påskeunivers. Kva tenkjer du om det?

– Generelt sett så har Tine så mykje goodwill i mitt bygde-elskande liv at dei nesten ikkje kan gjere noko gale. Men akkurat i påska er eg jo glad i å logge av, og eg trur ikkje eg er den einaste. Ein skal passe seg for å lefle med tradisjonar og prøve å vere kul og moderne når det gjeld høgtider, tenker no eg. Så akkurat påskekrimmen syns eg kunne få halde seg på kartongen ei stund til.

- Kva er det mest morsame du har opplevd på jobb?

– Det er mykje gjevande og ekstremt lærerikt med å jobbe med kommunikasjon ved Det medisinske fakultet, UiB. Men rein moro? Kan ikkje lyge. Å utføre jobben frå litt fjernare strøk, som Tanzania eller Kina. Fakultetet har ein veldig internasjonal profil og jobbar mykje med global helse – og det skal også kommuniserast.

På grunn av korona huskar eg det muligens som ekstra kjekt, no når ein tur til Køben eller Oslo kjennes retteleg eksotisk ut.

Elles er det pur lykke å ein sjeldan gong få låse seg inn på kontoret og sleppe å ha oppvaskstabelen, katten eller barneleikar i sidesynet. Sånn er det blitt!

- Korleis blir resten av kommunikasjonsåret?

– Travelt! Og kjekt! Vi har mange spennande prosjekt på gang som treng plenty av gode kommunikasjonskrefter; det nye Pandemisenteret ved UiB, den kommande helseinkubatoren i Bergen, den nye måten å utdanne legar på -Vestlandslegen- og ikkje minst den hyggelege jobben med å lære forskarane våre at folkeopplysing er toppers og at dei aller fleste journalistar er herlege folk.

Eg kryssar fingrane for fleire fysiske treff i resten av kommunikasjonsåret, det er jo lov å håpe. Enn så lenge – god påske!

Powered by Labrador CMS