Hanna Dåvøy Rørtveit har ein bachelor i journalistikk frå Volda, og går no siste året på master i strategisk kommunikasjon ved Høyskolen Kristiania.
Hanna Dåvøy Rørtveit har ein bachelor i journalistikk frå Volda, og går no siste året på master i strategisk kommunikasjon ved Høyskolen Kristiania.

#Kommunikasjonsstudenten

Masterstudent Hanna om bransjen: – Det er så mange ulike veger du kan gå

I dagens #Kommunikasjonsstudenten kan du bli litt betre kjent med Hanna Dåvøy Rørtveit.

Publisert

I spalten #Kommunikasjonsstudenten ønsker KOM24 å setja fokus på studentane, og bransjens framtidige tilsette. I spalten får dei fortelja om alt frå kvifor dei har valt studieretninga si til kva forventningar og tankar dei har om bransjen dei er på veg inn i.

Hanna Dåvøy Rørtveit (23) går siste året på Høyskolen Kristiania i Oslo, her tar ho ein master i Strategisk Kommunikasjon. Rørtveit er i frå ei lita bygd i Sogn og Fjordane som heiter Søreide.

– Kvifor valgte du akkurat dette studiet?

– Eg har ein bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda, og var interessert i å læra meir om sjølve kommunikasjonsdelen i bransjen då eg var ferdig der. Eg kom då over denne masteren på Høyskolen Kristiania sine heimesider, og syns den virka veldig spennande.

– Har du ein deltidsjobb/jobb ved sidan av studiet?

– Eg har ingen jobb ved sidan av studiane denne hausten, då den er fullt opp med eksamener og etterkvart er eg så heldig å få ha praksis i kommunikasjonsavdelinga til Sjømat Norge, noko eg gler meg veldig til. Det vil då bli lite tid igjen til ein deltidsjobb.

– Kva tenkjer du om jobbsjansane som finnes i kommunikasjonsbransjen?

– Jobb innan kommunikasjon kjem i så mange former og fasonger, så det er ein bransje det nesten er vanskelig å få ein oversikt over. Det er nettopp dette eg likar så godt med kommunikasjonsbransjen, at det er så mange ulike veger du kan gå.

– Kvifor er kommunikasjon viktig for deg?

– Eg meinar at kommunikasjon er nøkkelen til at gode relasjoner vert skapt. Dette er noko eg syns ein ikkje må gløyma å ta med seg og skapa i arbeidslivet også. Slike relasjoner er viktige både internt og ikkje minst eksternt i ein organisasjon for å oppnå måla sine.

– Har du eit førebilete/inspirasjonskjelde i bransjen?

– Eg syns måten Frida Marie Grande forandra Amnesty Norge sin kommunikasjon gjennom sine sosiale medier, og spesielt Instagram, er veldig inspirerande. Det å klara å forstå kva det er målgruppa vil ha, slik ho gjorde, er noko eg ser opp til.

– Kva tenkjer du er viktig for å kommunisera godt?

– Eg trur at viss du er engasjerande, ærleg og brukar eit enkelt språk dei fleste forstår, kan du kommunisera nesten kva som helst, kor som helst. Plattform i forhold til kven du prøver å kommunisere med og til, er også veldig viktig del av kommunikasjonsprosessen.

Powered by Labrador CMS