– Dette er eit slags gjennombrot for lite byrå, å få jobba med ei internasjonal lansering.
Det seier Hans Kristian Lahus, dagleg leiar i det vesle byrået Superlativ media, med base i Bø i Telemark.
Torde å satsa
Byrået vart etablert i 2006 i Telemark og har sidan utvikla seg til å verta eit klassisk lite, lokalt reklamebyrå med fire tilsette som har laga nettsider og trykksaker.
Hans Kristian Lahus, dagleg leiar i Superlativ Media.
Men no vil dei ta steget heilt ut og verta eit fullskala kommunikasjonsbyrå som tilbyr både content, film og bilete.
– Me har eigentleg tort å satsa å vera offensive og utvida markedet i korona-krisa, seier Lahus.
Og fredag kom det fyrste tydlege beviset på at ting er på gang. Då vart det lansert ein reklamefilm for Straand hotell med den kjende MC-føraren Pål Anders Ullevålseter i hovudrolla. I filmen ser ein Ullevålseter på tur i et vakkert landskap kor han endar med å køyra opp trappene og inn i hotellet. Alle andre må parkera utanfor. Etter innsjekken køyrer han berre vidare inn på hotellet.
Hans Kristian Lahus regisserer sine kolleger Manuel Madsen og Maria Sørlie.
Filmen skal lanserast internasjonalt for å etablera hotellet som ein destinasjon for hubriding. Hubriding er at ein har ein base ein bur på, men dagleg køyrer ein ulike spektakulære ruter med motorsykkel.
Dyraste enkeltproduksjon
– Denne filmen skal me følga opp med ytterlegare 15-20 kortfilmar for Instagram, fortel han.
Fram til no har kundane deira stort sett berre vore i Midt-Telemark men no har dei byrja å ta for seg med større og meir landsdekkande kundar.
Ideen med Ullevålseter er utvikla av advokat Arve Lønnum i Advokatfirmaet Lønnum i Oslo som sjølv er aktiv motorsyklist. Lahus i Superlativ media seier at dette truleg er den dyraste enkeltproduksjonen dei har vore involvert i.
– Me har jobba med større kampanjar. Men dette vart produsert på to dagar. Så det er den mest intensive produksjonen budsjettmessig, seier han.