Kommentar:
Lat oss vera i fred
«Nei, eg ser ingen grunn til at du og dine 300 næraste venner skal overvaka alt eg gjer på telefonen min eller fjernsynet mitt», skriv redaktør Yngve Garen Svardal, i denne kommentaren
I det siste har debatten om overvakingsbasert reklame blussa opp igjen, etter at fagdirektør i Forbrukarrådet, Finn Myrstad, på scena under Forbrukarkonferansen nyleg gjekk ut med ei sterk åtvaring.
Han meinte at marknadsføringspresset må ned, og at me må forby manipulerande design og at me må regulera avhengighetsskapande mekanismar.
Overvakingsbasert reklame bygger på innsamling og samanstilling av store mengder persondata, som vert brukt til å målrette annonsar. Forbrukarrådet meiner dette gjør forbrukarar sårbare for manipulasjon, diskriminering og personvernbrot.
– Vi blir diskriminert, manipulert og overvaka – og det startar i barndommen, seier Myrstad
ANFO åtvarar langt på veg mot særnorske reglar, det same gjer organisasjons- og kommunikasjonsdirektør Lene Eltvik Vindfeld i TV 2.
Ein av måtane ein sporar deg er ved å legga igjen coockies (sporingskapslar) i nettlesaren din. Dei samlar informasjon om kven du er, kvar du oppheld deg, kor lenge du var på sida og kva andre sider du las. Men det stoppar ikkje der. Dei sporar deg vidare og er du på andre nettsider seinare på dagen, får du og reklame for det du søkte på tidlegare på dagen.
I prinsippet er dette supersmart og det er lett å skjøna kvifor dei som skal selja oss produkta vil ha dette. Men det har og sine baksider, for du veit ikkje kvar denne informasjonen dei samlar inn om deg ender opp. For det er ikkje berre denne eine, vesle nettbutikken eller nettavisa som sit på data om deg. Langt der ifrå.
Sporingskapslar bidrar til ein digital fotavtrykk for brukaren. Nokre er gode å ha, for dei hjelper nettstaden å halda deg innlogga, den hugsar kva du har lagt i handlekorga og så vidare. Over tid byggjer kapslar frå mange nettstader opp ein omfattande profil over nettaktivitetar.
Og det er eit marknad for å kjøpa desse dataa.
New York Times skriv at kvar amerikanske heim i snitt har 17 internett-tilkopla einingar som observerer aktivitetane deira. Og det er stor forretning å samla inn denne informasjonen.
Den same New York Times-artikkelen skriv om eit selskap som reklamerer med at dei har innsikt om over 250 millionar amerikanske forbrukarar og 126 millionar amerikanske husstandar. Dei hentar inn 4 milliardar einingar og 1 billion signal frå einingar for å knyte offline-oppføringar til online-identifikatorar.
Ein rapport frå Duke University, som undersøkte ti datameklarar, viser at dei marknadsfører sensitive opplysningar om personar. Dette omfattar demografiske data, politiske preferansar og haldningar, opplysningar om opphaldsstad og GPS-posisjon i sanntid, data om noverande og tidlegare militært personell i USA og data om noverande offentleg tilsette. Eit selskap åleine reklamerer med at dei har data frå over 62 land og tilgang til over 2,5 milliardar forbrukarar globalt.
EU ligg langt framme når det gjeld å forsøka å verna om sine innbyggarar på nettet. Dei fleste av oss har høyrd om GDPR-regelverket, som skal beskytta dine persondata, EU har og innført ePrivacy Directive (ofte kalla «cookie-lova») som regulerer bruken av cookies og elektronisk kommunikasjon. Den krev at ikkje-essensielle cookies (som tredjeparts- og sporingscookies) berre blir brukt etter at brukaren har gitt informert samtykke. Noko du i prinsippet gjer når du trykker på tillat alt.
Og forsking viser faktisk at det er ein positiv effekt av GDPR-regelverket på reduksjon i mengda tredjepartscookies og sporingscookies i EU-området.
Men det har i lengre tid vore jobba med å avvikla den typen sporingskapslar som heiter for tredjepartscoockies, men etter fire års arbeid valde Google å droppa det, noko dei annonserte i fjor sommar.
EU har, som eit forsøk på å hjelpa oss forbrukarar, kravd at ein må godta eller avvisa å verta spora. Diverre viser superenkel forsking at dei aller fleste trykker på godkjenn når dei går inn på nye sider.
Og det er lett å skjøna kvifor, veldig mange har gjort det ekstremt komplisert å velja kva du vil godta og ikkje. Og me er inne på så mange nettsider i løpet av ein dag
Men det stoppar ikkje berre med sporingskapslar når du surfar på nettet. For fjernsynet ditt ser og lyttar på kva du snakkar om, tek skjermbilete av det du ser på, kor lenge du ser på det og kanskje til og med kvar du er, og deler den informasjonen vidare for å fora deg med annonsar. Men kva med alt det andre, det private, du snakkar om heime. Korleis veit me at det ikkje vert brukt mot deg? Smarthøgtalaren lyttar sjølvsagt på deg, og når du vekker den til live med ein kommando tek den opp det du seier til den. og kan nokon forklara meg kvifor eit kjøleskåp eller ein frys absolutt skal lytta til mine samtalar?
Og kven har vel ikkje opplevd å snakka om eit produkt i ein vanleg samtale, og neste gong du brukar telefonen din, så vert du pepra med reklame for akkurat desse produkta, sjølv om du aldri har søkt etter dei.
Alle desse bygger sin unike profil om deg.
Og det er ikkje sånn at det er eg som er paranoid. Før helga gjekk Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ut med ei klar åtvaring. Dei peika på at nesten alle nye elektroniske kvardagsprodukt har moglegheiter til å kopla seg til internett. Og dei åtvarar mot å kjøpa usikre produkt under jolehandelen.
Dei peikar og på at risikoen er at elektronikkprodukt du koplar opp til heimenettverket ditt kan innehalda spionvare og andre tryggingstrugsmål. Til dømes kan eit WiFi-kamera på ein robotstøvsugar eller babycall misbrukast til skjult overvaking. Hackarar kan også utnytta utstyret til å gjennomføra cyberangrep på anna internett-tilkopla utstyr, eller få tilgang til personopplysningar lagra i eininga.
Og dette er jo ikkje det einaste.
Og det går knapt ei veka der ikkje Schibsted spør meg om mine preferansar. Det verkar hyggeleg nok det, men eg svarar nei på om eg vil dela min informasjon med deira 36 partnarar kvar gong. Noko seier meg at om eg trykker ja, vil eg ikkje få det same spørsmålet fleire gonger.
I England kan ein ikkje lenger lesa nettaviser utan å anten godta å verta spora, eller ha abonnement. Eg støttar sjølvsagt alle som kjøper avisabonnement, men eg likar ikkje praksisen der du må gje frå deg informasjon for å få lest avisa. The Guardian er ei avis med høgt truverd, men seier du ja til å dela informasjonen din, så gjer du det ikkje berre med den avisa, men med deira 133 partnarar.
I Noreg er det litt betre, Dagbladet og Aller Media deler berre med 34 partnarar. Likar du fotball og vil lesa Goal deler informasjonen din med 242 partnarar, om du trykker ja.
FotMob har valt ei verstingløysing der du må skrolla nedover og huka av for kvar enkelt du ikkje vil ha. Dei har 107 leverandørar som meiner dei har rettkomen interesse for å måla annonseytingar. Ein kan og gje samtykke til 182 leverandørar om ein vil.
Fjernsynet mitt er veldig opptatt av å fortelja meg at bryr seg om personvernet mitt (Takk for det!), men dei vil og gjerne dela informasjonen om meg med 162 av sine beste venner.
Så det er openbert at Forbrukarrådet har eit poeng når dei seier at marknadsføringspresset må ned, og at me må forby manipulerande design. Men slik det ser ut i dag, ser eg ikkje korleis det skal skje, for oppsidene for dei som marknadsfører utveg forbrukaranes ulemper.
———————————————-
Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.