Volda-studentane Henrik Lennertzen (frå venstre), Eli Maria Helland og Stian Woo Andersson.

Kommunikasjonsstudentane i Volda har flytta inn i nytt bygg: – Veldig motiverande

Mediestudentane i Volda har flytta inn i flett nytt bygg til 220 millionar kroner. Studentane jublar og seier det no er meir motiverande å studera i Volda.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

(Volda/Oslo):– Det er kanskje lufta som er det beste med heile bygget.

Det seier Henrik Lennertzen, andreårsstudent PR ved Høgskulen i Volda, til KOM24.

Tysdag var det offisiell opning av det nye mediehuset ved Høgskulen i Volda offisielt opna.

– Mykje meir attraktivt

50 tilsette og 600 studentar er no samla i eitt hus med moderne fasilitetar. Bygget – som har fått det offisielle namnet Sivert Aarflot-huset – vart starta i 2019, og sto ferdig tidlegare i sommar.

– I fjor hadde me timar i eit klasserom kor me hadde 45 minutt lange bolkar og 15 minutts pause, då var det ofte etter ein halvtime ikkje meir informasjon som gjekk inn i hovudet, då var lufta så tett at alle var utslitne, seier Lennertzen.

Han skryt av fasilitetane og seier han likar korleis bygget er lagt opp, der dei ulike linjene har sine hjørner i bygget.

Han seier eit slikt bygg gjer det meir attraktivt å studera i Volda.

– Eg synest det er ganske mykje meir attraktivt å komma til undervisning når det er i eit splitter nytt bygg som er lyst og fint, med store vindauge. Det hjelper veldig på mi læring, seier han.

Ei som og tykkjer det er motiverande med eit nytt bygg er Eli Maria Helland, som og går i 2. klasse.

Ho skildrar opplevinga med å komma til Volda førre skuleår og sjå eit gammalt bygg med gamle møblar og dårleg luft. Ikkje hadde dei nokon fast plass å vera på heller, så dei måtte vera over heile skulen.

– Fresh start

– Det var ein veldig fresh start på skuleåret å komma inn i nytt bygg, seier ho.

Helland seier at det og verkar som om lærarane er meir motiverte med eit nytt bygg.

Kristine Klipper, Volda-student og leiar i Kommunikasjonsforeningen studentlag.

Bygget kosta 220 millionar kroner å setja opp og er 3900 rutemeter stort.

Bygget husar blant anna fjernsynsstudio og radiostudio, og skal brukas av bachelorstudentane på både journalistikk, PR og kommunikasjon, medieproduksjon og animasjon.

Statsbygg har stått for bygginga, basert på teikningane til LINK arkitektur.

Stian Woo Andersson går fyrsteåret på PR og kommunikasjon, han seier han er godt tatt i mot i Volda.

– De viser styrke på mediestudia, med dei nye lokala kunne det nesten ikkje ha vore betre, meiner han.

Også i Kommunikasjonsforeningens studentlag i Volda er dei godt nøgde med det nye bygget.

– Det er veldig gøy å vera del av det fyrste kullet som går ut av nytt bygg, seier leiar Kristine Klipper.

Ho seier, til liks med andre, at det har vore litt teknisk krøll i byrjinga, men at det nye bygget vil gjera Volda meir attraktivt.

Ho mimrar tilbake då ho byrja på linja for litt over to år sidan.

– Oi, er det her eg skal gå?

– Då tenkte eg at oi, er det her eg skal gå og læra i tre år?

No seier ho det heile er meir motiverande.

– Ting er mykje meir tilrettelagt no og det er meir motiverande og sitja igjen etter skuletid og jobba, meiner ho.

Ho seier og at Kommunikasjonsforeningen no har planar om å samarbeida meir med Kommunikasjonsforeningen i Møre og Romsdal og at dei vil bruka lokala i Volda som eit samlingspunkt.

Kommunikasjonssjef ved Høgskulen i Volda, Line Lauvsnes Oddekalv har sjølv studert i Volda. Ho gjekk ut i 2003, frå dei same lokala som har vore i bruk fram til no.

– Me hadde jo alt vi trengte, men det dei har fått flytta inn i no er jo heilt fantastisk. Det er eit bygg som både ser vakkert ut og skal ha alt utstyret i orden. Det er eit fantastisk bygg som me er stolte over å ha fått opp. Det er eit signaturbygg for oss, seier ho.

Powered by Labrador CMS