Kjetil Eide har mykje makt over kva som vert formidla ut, i si nye stilling.

Kvar gong nokon av Equinors 8500 samarbeidspartnarar sender ut ei presse­melding om selskapet, må Kjetil godkjenna den

Bestemmer kva leverandørane får seia om gigantselskapet.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Eg må godkjenna pressemeldingane til alle leverandørane våre om dei vil melda arbeid for oss. Eg merkar at det er ganske mange pressemeldingar kvar dag å for halda seg til i tillegg til alle pressemeldingar konsernet mitt jobbar med.

Det fortel Kjetil Eide, KOM24. Han er no ny informasjonssjef for anskaffelsar og leverandørrelasjonar i Equinor. Det betyr at det er han som er kontaktpunktet for selskapets 8500 direkte leverandørar.

Bestemmer kva som skal formidlast

Eide kjem frå stillinga som informasjonssjonssjef for boring og brønn, men som eit ledd i ei større omorganisering har han fått nye oppgåver.

– Mange held fram som før, men for min del har eg gjeve beskjed om at eg er fleksibel. Eg har stortrivst i jobben eg har hatt, men eg kan brukast der arbeidsgjevaren vil ha meg. Det kjekkaste nå er å vera tett på det som genererer arbeidsplasser., sier han.

I tillegg til dei eksterne pressemeldingane, er han med og bestemmer korleis Equinor sine skal sjå ut. Same dag som han snakkar med KOM24 har konsernet tatt investeringsbeslutning på Bacalhau-prosjektet til åtte milliardar dollar i Brasil.

I fjor brukte dei om lag 150 milliarder kroner på varer og tenester frå leverandørane.

– I våre meldingar er eg med og bestemmer kva me skal formidla, kva info me skal ha med, seier han.

Alle pressemeldingane om kontrakter havnar på hans bord for godkjenning. Han gjer naturlegvis ikkje all jobben åleina.

– Eg kan jo ikkje kjenna innholdet i alle kontraktene, peikar han på.

Difor spelar han på andre kommunikasjonsfolk internt samt folk frå ansakfelsessavdelinga og prosjektgrupper som er tett involvert i det arbeidet.

Strenge krav til innhald

Han seier at dei er opptatt av at dei eksterne leverandørane brukar merkenamnet Equinor nøkternt i sine pressemeldingar.

– Det som er viktig å passa på for oss er at me vil likebehandla alle leverandørane våre, seier han.

Det er til dømes ikkje greitt å ha med sitat frå Equinor i pressemeldingane til leverandørane.

– Det tillet me berre unntaksvis der det har eit strategisk formål, der til dømes leverandørane går i bresjen for noko me er pådrivar for. Me vil ikkje at det skal framstå som at me er tettare med enkelte leverandørar. Me er trass alt i eit marked med fleire konkurrentar, peikar han på.

– Skjer det ofte de må fjerna sitat i andres pressemeldingar?

– Ja, det gjer det forsåvidt. Det er mange som ønsker det, men me vil behandla alle selskap likt, seier han.

Eide seier dei er opptatt av at leverandørane viser nøkternheit i måten ein framstiller seg sjølv gjennom å referera til Equinor. Dei legg og vekt på at det ikkje skal framstå som at ein leverandør har overdreven betydning.

Eide seier dei stort sett opplever forståing for det.

– Du er ganske mektig i denne jobben?

– Eg bør vel, til liks med leverandørane visa nøkternheit i måten eg framstiller meg sjølv, så eg vil heller seia at eg forvaltar eit sterkt mandat når det gjelder akkurat pressemeldinger. Det er ei spennnade oppgåve, eg gler meg til å komma i gang. Eg føler at det kanskje var på tide å få nokre nye utfordringar. Det trur eg me treng ein gong i blant for å strekka oss og utvikla seg, seier han.

Men han legg ikkje skjul på at det samstundes er vemodig å byta frå ein jobb som han har stortrivst i.

Irak og Afghanistan

Eide har no vore ni år i Equinor og før det var han i Forsvaret, der han mellom anna var presseoffiser i både Irak og Afghanistan. Då han kom heim var han talsmann og kommunikasjonsrådgjevar ved Forsvarets operative hovudkvarter.

– Kva har vore det mest utfordrande i jobben?

–Hendingar når folk blir skadd og du hamnar oppe i hektiske situasjonar og det er mykje som skjer på ein gong, seier han utan å villa gå inn på nokre konkrete hendingar.

Eide er og med i beredskapsorganisasjonen til Equinor. Han fortel at når det skjer hendingar er det mykje som skjer samstundes.

– Du skal både ha kontroll på det som skjer og finna gode svar så pressetalspersonane kan svara, seier han. Eide meiner han har den rette ballasten med seg frå tida i Forsvaret der han jobba ekstremt mykje med krisekommunikasjon.

– Der var det mykje hendingar der det skjedde dramatiske ting. Det å halda hovudet kaldt i sånne situasjonar, få overblikk, avklart situasjonen og jobba med kva me kan seia og ikkje seia, er dei mest krevande tinga å jobba med. Men det var ein interessant plass å jobba, sluttar han.

Powered by Labrador CMS