Mone Celin Skrede gikk fra å være journalist til å bli kommunikasjonsrådgiver.

MEININGER

Kva eg lærde av å byrje som kommunikasjons­rådgjevar i ei sosialt isolert tid

«– Welcome to the dark side, spøkar venninna mi. Ho veit ikkje kor rett ho skal få.« , skriv Mone Celin Skrede.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Frå tysdag 1. februar oppheva Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og Støre-regjeringa påbodet om heimekontor. Kanskje for siste gong. For meg markerer det eitt år sidan eg fekk fast jobb ein annan stad enn i journalistikken.

11. Februar 2021 er det berre nokre dagar sidan eg har slutta i Aftenposten. Eg har teke eit steg bort frå journalistikken, yrket eg har visst at eg skulle ha sidan eg var 16 år gammal, og høvet til å gå makta etter i saumane.

Eg har teke steget ut av nyheitsdesktempoet, vaktturnus, maratonskriving av pressekonferansar og nyheitsstudio. Gått frå eit redusert tal, men likevel eit tal fysiske kollegaer på jobb.

– Welcome to the dark side, spøkar venninna mi, som jobbar som kommunikasjonsrådgjevar ein annan stad i landet.

Ho veit ikkje kor rett ho skal få.

Meg og skjermen

No er det meg, stova mi og skjermen. Alle dei nye kollegaene mine er på den andre sida av den flate mosaikken av ørsmå andlet. Her skal eg ikkje berre inn i ein ny arbeidskvardag, eg skal inn i eit nytt yrke.

Sjølv om eg veit at eg ikkje lenger skal vere nøytral og upartisk, sit presseetikken og vêr varsam-plakaten godt nagla i ryggen min. Det meste av erfaring eg har med kommunikasjon er alle forsøka på å kome meg gjennom kommunikasjonsavdelinga og fram til fagpersonen som kan kommentere saka eg til ei kvar tid jobbar med for avisa.

No skal eg fremje éi særskild sak, vere med å påverke til haldningsendring. Endre synet på ei enkelt diskriminert gruppe i Noreg. Samstundes skal eg fremje og kommunisere om ein organisasjon eg ikkje enno kjenner, anna enn frå utsida, og som eg på dette tidspunktet ikkje endå har nokon fysisk referanse til.

Kan eg kommunisere godt og korrekt om organisasjonen og saka når eg aldri har møtt menneska eg jobbar for, same kor gode og rause kollegaer dei er?

Greitt å ikkje heilt ha peiling

Eg er nøydd til å stole på at det er greitt å vere ny og ikkje heilt ha peiling. Stole på at eg dersom eg plantar foten i salaten, får beskjed om det. I Teams-møta, sjølv om eg aldri har møtt dei eg snakkar med, og eg heller ikkje kan ha reell augekontakt med dei gjennom skjermen.

Når alle småspørsmål krev ein eigen mail, telefon eller ei møteinnkalling. Stole på fagkompetansen min som skribent og journalist, og kompetansen min om saka eg skal kommunisere om.

Eg skjønar at eg ikkje har råd til å gå stilt i dørene. Pandemien stoppar ikkje diskrimineringa og barrierane, han forsterkar dei. Stortinget under Solberg-regjeringa, skal stemme over inkorporering av funksjonsevnekonvensjonen, CRPD, i norsk lov.

Stiller eg ikkje spørsmåla eg sit med, får eg ikkje gjort jobben min. Heldigvis har eg kollegaer som er vane med heimekontor, og som forstår det.

Eg må bruke det etiske rammeverket eg har, leggje frå meg telefonangsten og håpe at «The dark side» viser seg å vere ein tunnel.

I to-draget på ein fredag ringjer eg likevel den næraste leiaren min, i halvpanikk. Eg skal lage ein serie sponsa sosiale medium-innlegg i etterkant av debatten på Dagsnytt 18, om inkorporering av CRPD:

– Eg forstår ikkje kva eg ikkje forstår, eg forstår berre at det er noko vesentleg!

Leiaren min går gjennom oppdraget med meg ein gong til, og det løyser seg. Men den flaue kjensla av at eg ikkje forstod oppdraget etter to e-postar, ein telefon og eitt Teams-møte, er forsterka av at eg berre har meg sjølv å snakke med.

Ny utanfor Teams

Difor er gleda nesten uproporsjonalt stor då eg kan møte ein kollega etter ein dryg månad på heimekontoret. Eit fysisk fjes å hekte arbeidskvardagen på. Eit tredimensjonalt menneske å be om sårt trengd tilbakemelding.

– Ja, så du finst du òg, du er ikkje eit hologram, tullar vi på kvar vår iskalde pinnestol utanfor Espresso House på Grünerløkka.

No, nesten eit år seinare, når både kommunikasjonsfolk og journalistar på nytt sig attende i arbeidsfellesskapen, er mange som var nye i pandemien, framleis nye utanfor Teams. Og sjølv om hybridløysingar og fleksible kontortider kan fungere bra og som eit inkluderingstiltak, må òg dei av oss som starta i ny jobb og i nytt yrke i sosial isolasjon, inkluderast på nytt.

Tre råd

Difor har eg tre råd til deg som skal ønskje velkomen på kontoret til tilsette som starta i pandemien:

1, vêr klar over at sjølv om arbeidstakaren har kommunisert med kollegaene før, har hen kanskje ikkje oppleve å møte dei fysisk, i alle fall ikkje så mange på ein gong. Det kan verte mykje å ta inn over seg.

2, Gå minst ein runde med arbeidstakaren på kontoret, forklar kvar ting er, korleis dei funkar og kven ein skal gå til for å finne det ein treng. Arranger gjerne felles lunsj eller kaffipause. Ikkje vent at arbeidstakaren har full kontroll på alle avdelingar og kollegaer sjølv om hen har vore tilsett ei stund.

3, vêr tolmodig den første tida. Å kome frå heimekontor krev omstilling sjølv for dei som var tilsett før pandemien braut ut. Omstillinga kan vere endå større for dei som aldri har vore i det fysiske arbeidsmiljøet.

Lukke til!

———————————————-

Dette er et meningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no!

Powered by Labrador CMS