Dagleg leiar Roger Hovland i Voss kommunikasjon sammen med Terje Olsen som vert dagleg leiar i nye Mediesmio.

Avisa Hordaland og Voss Kommunikasjon startar mediebyrå - vil verta landets beste byrå på nynorsk

– Me startar dette selskapet fordi me meiner at lokale verksemder på Voss har stor nytte av lokale leverandørar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Mediesmio er namnet på det nye mediebyrået til lokalavisa Hordaland og Voss Kommunikasjon. Målet er at Mediesmio skal verta landets beste mediebyrå for kundar på bygda.

Det kjem fram i ei pressemelding, fredag.

Saman skal dei hjelpa verksemder i distriktet med nyskapande marknadsføring, strategisk rådgjeving og digital kommunikasjon.

– Etter ein grundig prosess på over eit år, er me veldig glade for endeleg å vera i gang, seier dagleg leiar Roger Hovland i Voss kommunikasjon i meldinga.

Vil telja 10 personar om nokre år

Avisa Hordaland og Voss Kommunikasjon eig 50 prosent kvar av selskapet.

– Me har venta lenge på denne dagen, det er godt endeleg å kunna fortelja om planane våre, legg Terje Olsen til, dagleg leiar i eigarselskapet LL Hordaland. Olsen vert dagleg leiar i Mediesmio, medan Hovland vert styreleiar.

– Me startar dette selskapet fordi me meiner at lokale verksemder på Voss har stor nytte av lokale leverandørar. At me kjenner kundane til kundane våre, og forstår behova deira, er ein stor føremon samanlikna med byrå frå dei større byane, seier Hovland videre.

Det nye selskapet skal no rekruttera tre nøkkelpersonar i bedrifta for å setja fart: webutviklar, digital rådgjevar og strategisk marknadsrådgjevar. I meldinga vert det opplyst at håpet er å telja 10 personar i løpet av nokre år.

Det var etterspurnaden lokalt som sette Mediesmio til livs. Voss kommunikasjon vart omtrent nedringt av kundar som trengte hjelp til alt frå nye nettsider og marknadsføring, til strategisk rådgjeving og annonsering. Men annonseringsbiten var vanskelegare. Med Hordaland med på laget, får kundane av Mediesmio unik tilgang til lokal annonsering både digitalt og i papiravisa.

– Både Hordaland og Voss Kommunikasjon har mange kundar som har behov for hjelp til både marknadsføring og bygging av nettsider. Det at me i dei to selskapa no kan tilby eit mykje større spekter av tenester, håper me at verksemdene i regionen set pris på, seier Olsen.

Beste på nynorsk

Ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Hordaland Bladdrift, Guro Valland, ser fram til samarbeidet med Mediesmio.

– Det vert givande å leggja til rette for at endå fleire kundar kan annonsera hjå oss og dra vekselverknad av tenestane på tvers. Samstundes vert det spennande å kjøpa tenester av Mediesmio til eige bruk. Hordaland vil òg ha behov for nyskapande marknadsføring for å styrka produktet, seier Valland.

Mediesmio har ambisjon om å verta landets beste mediebyrå på nynorsk, men kunden avgjer sjølv målforma.

Kundane skal Mediesmio finna i og rundt Voss, men òg i nabofylka kringom. Det lokale tilsnittet gjer satsinga heilt unik, og ikkje minst, med eit stort potensial for vekst.

– Me trur at satsinga om å levera kvalitet på nynorsk, gjer at me òg vil få kundar i andre nynorskkommunar, seier Hovland.

Powered by Labrador CMS