– Trondheim kommune har saman med sine leverandørar jobba godt og har kome i mål med å rette det som vart avdekka i tilsynet. Dette kjem alle elevar i Trondheim til gode, og vil også vere positivt for alle andre kundar av leverandørane som har vore under tilsyn i denne saka, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.
– Vi er glade for at alle kommunane i Noreg no har fått på plass tilgjengelegheitserklæring. Slik sett har kontrollen verka etter intensjonen, seier tilsynsdirektør Malin Rygg

Alle norske kommunar har no tilgjengelegheits­erklæring

Kjem ikkje til å gje ut dagbøter.

Publisert

Alle nettsider i Norge skal være universelt utforma, og sidan 1. februar 2023 har det vore krav om tilgjengelegheitserklæring for verksemder i offentleg sektor. 

Etter ein gjennomgang Uu-tilsynet gjorde i haust, hadde 338 kommunar fått dette på plass. Dei resterande 18 kommunane mangla erklæring, og desse fekk pålegg om retting i slutten av september.

Sist veke fekk fire av desse vedtak om dagbøter for mangel på retting: Gamvik, Leka, Dønna og Rendalen kommune. 

I vedtaket fekk dei fem verkedagar på å få publisert tilgjengelegheitserklæring før dagbøtene trer i kraft.

Alle fire kommunane har no publisert tilgjengelegheitserklæring, og dagbøter trer ikkje i kraft.

Det melder Digitaliseringsdirektoratet i ei pressemelding.

– Vi er glade for at alle kommunane i Noreg no har fått på plass tilgjengelegheitserklæring. Slik sett har kontrollen verka etter intensjonen, seier tilsynsdirektør Malin Rygg i pressemeldinga.

Ho seier vidare at det er viktig for innbyggarane at kommunane sine nettstader er tilgjengeleg. 

Rygg peikar på at kommunale nettsider har viktig informasjon og søknadsskjema for grunnleggande tenester som skule, barnehage, sosialhjelp, barnevern, legehjelp og sjukeheim. 

– Digitalt utanforskap er ei stor samfunnsutfordring, og det er viktig at dei digitale løysingane fungerer for alle, seier ho.

Powered by Labrador CMS