Mathilde Pettersen driv kommunikasjonsfirmaet Luddikom. Ho har i samarbeid med Pål Kårbø vore med og sikra milliardar til Haukelivegen. I denne saka fortel om korleis dei har jobba for å få det til.

Mathilde gjekk frå jobb i kassa på Rema til å sikra vegmilliardar ved god bruk av kommunikasjon

Då Mathilde byrja å jobba med kommunikasjon for E134 hadde dei under 300 følgarar på Facebook. No har dei over 5000 følgarar og sikra seg mange milliardar kroner på NTP.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Det eg kan er å oversetta budskapet, seier Mathilde Pettersen til KOM24

Me møter ho i Arendal under det årlege fesjået Arendalsuka. Ho er til stades saman med Pål Kårbø for å promotera Haukelivegen E134.

På berre litt over eit år har yrkeskarriera hennar tatt ho i nye retningar.

Når ikkje lenger berre menn på 50 pluss

– Eg er utdanna innan kommunikasjon, men eg fekk meg ikkje jobb i bransjen, så eg byrja å jobba på Rema 1000, fortel ho.

Men det var jo ikkje det ho ville. Så hausten tok ho eit val og bestemte seg for å satsa for seg sjølv. Og det har gått over all forventning. Etter nokre månader sikra ho seg nemlig eit svært viktig oppdrag for E134, ein av fjellovergangane mellom aust og vest.

Veg vekker kjensler og det er mange vegar som kjempar om ikkje fult så mange pengar. Der er her Pettersen kjem inn.

– Veg er til dels komplisert. Det er ikkje tilpassa til mannen eller dama i gata, så det har vore litt min jobb å prøva å oversetta og gjera så folk forstår kva det handler om, seier ho.

Jobben har ho gjort i tett samarbeid med Pål Kårbø, som er han som har som ansvar å driva med lobbyarbeid for denne vegen. Saman har dei køyrd innom alle eigarkommunane til Haukelivegen AS. Det er der dei har fått ideane, som dei seinare har gjennomført.

– Me har nådd mykje breiare enn me har gjort nokon sinne før. Til å vera litt gutteklubben 50-60 + har vi til og med fått ein del kvinner som følger Facebook-sida vår, fortel ho.

Dette har dei fått til ved å bygga ein bodskapsstrategi som er bygd på fleire søyler.

Dei baserer det ikkje berre på asfalt, men det er næring, arbeidsplassar og distrikt.

Nært og dagsaktuelt

– Det høyrest jo nesten litt Senterparti-aktig ut, men det er jo det det handlar om. Du skal forstå at her går det ikkje båt, tog eller fly, då må me satsa på veg rett og slett. Og det kan ha så vannvittig samfunnsnytte for så mange grupper i samfunnet. Og så trur eg me har vore gode på å tenkja at det skal vera nært, og at det skal vera dagsaktuelt, seier ho.

Dei har prøvd å bygga historier og har henta inn aktørar som har velvillig stilt opp for prosjektet. Dei byrja med eigarane, altså ordførarane.

– Det er noko med å sjå eigarane, at dei følte seg sett. Me reiste og rundt til bedrifter langs vegen og spurte om dei kan løfta prosjektet, og dei har spurt kva kan me gjera?, seier Kårbø. Han dreg og fram ein konferanse på Notoddden som har vore viktig for dei.

Radarparet Pål Kårbø og Mathilde Pettersen meiner godt kommunikasjonsarbeid har vore med på å sikra vegprosjektet dei jobar for mange milliardar kroner på NTP.

– Me håpar på å få inn meir daglegdagse historier frametter, me ser at det slår so vannvittig godt an og eg har aldri opplevd å ha ei Facebook-sida som har den delingsvilligheita som denne sida har, skyt Pettersen inn.

Blant anna har dei ein post med Lothepus som er sett over 100 000 g0nger. Ingenting av det er betalt for.

Alt dei har gjort er med enkle midler.

– Mobil, ein mikrofon frå Clas Ohlson og god stemning, seier Pettersen.

Vurderte PR-byrå

Kårbø fortel at dei ein periode vurderte å gå til eit PR-byrå for å få dei til å hjelpa til.

– Men etter ein tre-timars seanse til 35 000 kroner, kva sat me igjen med? At Frp blir viktig i arbeidet med Nasjonal transportplan. Eg sa at me kan ikkje gå vidare med den typen to-tre tusen kroner timens råd når eg følte at Mathilde kunne hjelpa meg. Eg treng ikkje hjelp for å nå ein politikar, seier den tidlegare fylkesvaraordføraren i Hordaland.

På den tida Pettersen og Kårbø har jobba med kommunikasjon og lobby for Haukelivegen har dei gått frå å ha under 300 følgarar på Facebook, til å ha akkurat bikka 5000 følgarar.

Men det store spørsmålet er jo kva har dei fått ut av dette arbeidet?

– 11,3 milliardar i fyrste seks årsperiode. Det er greitt, seier Kårbø med eit glis, før han legg til:

– Det var nok mange gryteklareprosjekt på E134, så me har ikkje byrja frå scratch. Men me har nok dytta litt på snøballen så den har fått litt større fart, seier han.

Pettersen meiner og at dei har fått politikarar og ambassadørar på Stortinget til å faktisk seia her, dette skal inn.

– Kva kan då andre vegprosjekt læra av dykk?

– Det er å fortelja historia langs vegen enno meir, seier Kårbø.

– Og så er det noko med å ilegga det større verdi enn berre asfalten. Du ser jo det politiske feltet no, det er masse fordommar mot asfalt. Då må du bygga bodskapen på ein del andre ting enn at ein skal få litt sikrare veg, seier Pettersen.

Strategien har dei utarbeidd saman.

– Det er meg og Pål i bilen, mange timar i lag. Pål sitt mål i fyrste omgang var å besøka eigarar, så tok eg video og så har det berre rulla, fortel ho.

Kårbø, som og har lang erfaring frå bygginga av Trekantsambandet i Sunnhordland og forarbeida til Nordhordlandspakken, fortel at då han var på intervju for å få stillinga som dagleg leiar for Haukelivegen at ein person åleina kan ikkje løfta eit vegprosjekt. Hans jobb skulle vera å mobilisera regionråd og vera ute og snakka med folk.

– Hadde ikkje klart jobben utan Mathilde

– Eg hadde nok ikkje klart denne jobben uten henne. Me har utfylt kvarandre. Eg har møtt mange, men den digitale delen har vore veldig viktig, seier han.

Pettersen er ikkje tilsett i Haukelivegen, men dei kjøper tenester av henne. I oppstartsåret kjøpte dei tenester for 125 000 kroner, i år er den summen dobla.

Dei hadde ein eitårsplan fram til NTP vart lagt fram, no har Kårbø som jobb å henga på samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) som og er Kårbøs partifelle, vedlikehalda Facebooksida, skapa møteplassar, halda vegambassadørane varme og skapa nye når valet er omme og nye folk sit på Stortinget, samt og prøva å skapa begeistring blant politikarar i Bergen.

Pettersen for sin del har og nok å ta tak i. Ho har flytta frå Sotra til Lindesnes og opplever stor suksess med firmaet sitt, Luddikom. Ho har kundar både på Kongsberg, Rygge, i Hardanger og Bergen.

– No har fort 150 prosent stilling, seier ho.

– Oi, eg høyrer dette vert dyrt frametter, bryt Kårbø ut i bakgrunnen og ler.

Powered by Labrador CMS