Vi jobbar kvar dag for å bli opplevd som opne, ærlege og effektive i vår kommunikasjon med omgjevnadane. Jaudå, det høyrest ut som flosklar, og billege ord på eit papir. Eg ser den. Men det er dette som er våre viktigaste prinsipp.

Kommentar:

Kommunikasjons­rådgjevarar – propp eller døropnar?

Stundom blir bransjen vår kritisert for å vere proppen som hindrar innsyn, eller aktøren som sminkar røynda til å bli ugjenkjenneleg. Kan det verkeleg vere så ille?

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Eit kommunikasjonsmiljø i vekst utgjer eit demokratisk trugsmål, meiner enkelte journalistar. Og politikarar. Og Trygve Slagsvold Vedum, for å setje eit tilfeldig namn på ein av mange som kjem med slik type kritikk. Og dette har dei eigentleg meint ei stund no, og vi har på sett og vis vendt oss til det. Rett nok rettar dei skytsa mest mot PR- og lobbybransjen, men sidan dei ofte brukar kanon, rammar kritikken som regel heile kommunikasjonsmiljøet.

Nyttig å lytte til andre

Uansett, har kritikarane eit poeng? Kan det hende at vi gjer vegen til kjeldene unødvendig lang og krunglete? At vi med vit og vilje framstiller vår verkelegheit litt annleis enn det den eigentleg er? Og at vi bombarderer omgjevnadane våre med ferdigskrivne pressemeldingar, vinkla slik kommunikasjonsfolk ynskjer det, og berre med den informasjonen vi tykkjer høver seg i viktige saker?

Svarar vi sjølv ja på desse spørsmåla, eller for så vidt på berre eitt av dei, så er eg samd med dei som meiner vi rokkar ved viktige demokratiske prinsipp. Eg kan berre svare for meg sjølv, og mine folk, men kan med handa på hjarte svare at vi jobbar kvar dag for å bli opplevd som opne, ærlege og effektive i vår kommunikasjon med omgjevnadane. Jaudå, det høyrest ut som flosklar, og billege ord på eit papir. Eg ser den. Men det er dette som er våre viktigaste prinsipp, uansett kva andre måtte hevde. Og så kan det hende at vi bommar, eller feilar, i enkeltsaker. Men det verken kan eller skal brukast mot oss, som argument og prov på at vi utgjer eit demokratisk trugsmål.

Det er nyttig for kommunikasjonsmiljøa å lytte til journalistar, og for så vidt andre maktpersonar, og kva dei tenkjer kan vere våre forbetringsområder. Slik kan vi betre forstå media si samfunnsrolle.

Ikkje automatisk propaganda

Men like viktig er det at denne forståinga også går andre vegen. For framveksten av kommunikasjonsrådgjevarar bør ikkje vere ei stor overrasking, for nokon, spesielt dersom vi ser det i lys av den «digitale revolusjonen» og det store temposkiftet samfunnet har stått i dei siste tjue åra. Organisasjonar, næringsliv og politiske parti eig i dag sine eigne publiseringskanalar, enten det er eigne nettsider eller sider på sosiale medium. At dei ynskjer eit profesjonelt innhald i desse kanalane er eit kvalitetsteikn. Ikkje det motsette. I tillegg er media blitt 24-7 i denne digitale revolusjonen, og sånn sett gjeve framveksten av pressevakter og medierådgjevarar gode vilkår. Også det er eit kvalitetsstempel. Ikkje det motsette. Det at eigne kanalar blir brukte til å vise fram både suksesshistorier, positive saker og andre ting som er bra, er ikkje automatisk propaganda og løgn. Slik enkelte hevdar. Det er faktisk heilt naturleg. Til og med mediebransjen skryt av seg sjølv i sine eigne kanalar. Eg vil nesten tørre påstanden at ingen andre bransjar skryt meir av seg sjølv, enn dei. Få kallar det propaganda. Då er det berre lett promotering og uskuldig eigenreklame, må vite.

Eg tenkjer vi må få litt meir nyansar inn i denne debatten, og i større grad vise respekt for dei ulike rollene vi har. Vi er to bransjar som snakkar mykje om kvarandre, men sjeldan med kvarandre. Det kan vi gjere oftare, fordi det aukar rolleforståinga begge vegar. Vi treng ei kritisk og kvalitetsmedviten presse, men vi treng også dei som både passar på og bistår i prosessen med å gje omgjevnadane meir kunnskap om vårt samfunn. Det er i demokratiet si interesse, og der spelar vår bransje ei stor rolle.

Har opna forvaltninga

Kommunikasjonsrådgjevarar, anten vi snakkar om tidlegare journalistar eller andre med anna bakgrunn, har bidrege i stor grad til å opne opp ei tidlegare lukka offentleg forvalting. Men også det private næringslivet. Auka innsyn, meir offentlegheit, klart og forståeleg språk, opne møter, digital dialog med publikum og presse og auka bevisstgjering rundt leiarar sitt informasjonsansvar, er nokre av forbetringsområda vi kan peike på. Vi kan stundom møte motstand i eige hus, eller ting kan ta lengre tid enn vi ynskjer, og det kan vere ei rekkje juridiske tilhøve som vi må tilpasse oss – men vit at dei viktigaste pådrivaren for desse endringane er kommunikasjonssoldatane.

Vi kjem framleis til å tråkke feil, gjere ukloke val, nekte innsyn der vi heller skulle ha opna heile låvedøra, og kanskje til og med ha ein svarberedskap som ikkje alltid går i takt med deadline ‘en til pressa. Men det er unntaka. Akkurat slik det er unntaka når velrenommerte mediehus gjer sine feil og kanskje får åtvaringar, eller blir felt i pressa sitt eige faglege organ, PFU.

Så inntil til det motsette er prova, så vel eg å tru at fleirtalet av oss er døropnarar – og ikkje proppar.

Powered by Labrador CMS