Therese Manus

Kommunikasjonsforeningen vil ikkje ta initiativ til å starta ei fagrørsle

Trur det vil verta for komplisert å organisera kommunikatørar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Leiar for Statens Vegvesens Utbyggingsdivisjon, Arne Eithun, ber i eit meiningsinnlegg i KOM24 om at det vert skipa ei felles fagrørsle for alle dei mange tusen som jobbar med kommunikasjon i Noreg.

Eithun skriv at «Vi kommunikasjonsfolk står under så mange ulike paraplyar at vi hadde passa godt inn i gågata i Midtbyen i Trondheim. Det blir sjeldan slagkraft av slikt.» og han oppmodar Kommunikasjonsforeningen til å ta eit initiativ til å skapa ei slik fagrørsle.

– Utfordringar

Men Kommunikasjonsforeningen sjølv er skeptisk til det.

– Ei fagforeining for kommunikasjonsfolk måtte hatt partar i alle arbeidsgjevarorganisasjonar, for ein har alle moglege typar, både offentleg og privat tilsette og i alle bransjar. Alt frå helse, finans og olje. Det er vanskeleg å sjå kven som er arbeidsgjevarmotpart. Det kan vera mange organisasjonar, seier leiar for Kommunikasjonsforeningen, Therese Manus.

Ho seier at dei er positive til fagrørsler, men ser utfordringar med å skapa ei eiga fagrørsle for kommunikasjonsfolk.

Usikker på marknaden

Kommunikasjonsforeningen har rundt 4200 medlemmer.

Mellom anna er Manus usikker på om det er eit stort nok marknad for ei fagrørsle.

– Er det aktuelt for dykk å ta eit initiativ til å skipa ei fagrørsle?

– Me har spurt medlemmene våre om dei er for eit tettare samarbeid med ei fagrørsle, men det er veldig få som seier dei ynskjer det, seier ho, og held fram;

– Dei seinare åra har me diskutert dette ved ulike anledningar, men foreløpig har det ikkje vore aktuelt. Det ville endra på heile formålet til foreininga, og då måtte føresetnaden vera at medlemmene våre ønsker det.

Manus forklarar at halvparten av foreiningas medlemmer jobbar i avdelingar med fem eller færre kommunikasjonsmedarbeidarar. Ho seier at mange vel gjerne å vera med i fagforeiningar som står sterkt på arbeidsplassen. Dei største fagrørslene er heller ikkje for profesjonar, men for ulike bransjar, studieretningar eller utdanningsnivå, forklarar ho.

Ei undersøking som Kommunikasjonsforeningen har gjennomført viser at andelen som har organisert seg i ei fagrørsle har auka frå 57 til 65 prosent frå 2017 til 2020.

De tre største fagrørslene for kommunikasjonsfolk i 2020 var Samfunnsviterne, der 31 prosent av dei som svarte på undersøkinga var organisert, Norsk Tjenestemannslag med 16 prosent og deretter likt mellom Forskerforbundet og Fagforbundet med 8 prosent. Resten er jamt spreidd utover andre foreiningar.

NJ seier nei

Den same problematikken var oppe i vinter, då snakka KOM24 med fleire fagrørsler, men korkje Handel og Kontor eller YS hadde då planar om å ta noko initiativ for å skipa ei eiga fagrørsle for kommunikatorar.

Fleire kommunikatorar peika då på Norsk Journalistlag som ein organisasjon som dei ville knyta tettare band til.

NJ avviser at det er aktuelt å organisera denne yrkesgruppa, sjølv om dei no diskuterer om dei skal ta i seg nye grupper.

– Diskusjonen som går føre seg i NJ no handlar om me skal organisera fleire grupper som jobbar i eller for redaktørstyrte medium. Den eksterne kommunikasjonsbransjen er difor ikkje aktuell for oss no, seier NJ-leiar Dag Idar Tryggestad til KOM24.

Han seier NJ heiar på alle yrkesgrupper som ønsker å organisera seg og dermed bidra til eit organisert arbeidsliv.

– Det er godt dokumentert at fagforeininganes innsats har vore avgjerande både for ferieordningar, utdanningspermisjon og andre viktige gode me i dag tek for gitt. Eit godt organisert samarbeid er også ein avgjerande faktor for at bedrifter skal lykkas i omstillingar, seier Tryggestad.

Powered by Labrador CMS