Kari Stautland har etter fleire år i Sjøfartsdirektoratet no meldt overgang til Maritime CleanTech i heimbyen Stord.

Kari Stautland forlèt Sjøfartsdirektoratet til fordel for Maritime CleanTech

– At reisetida til jobb blei kraftig redusert var heller ikkje noko minus.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Åra i Sjøfartsdirektoratet var interessante og lærerike. Eg treivst kjempegodt og var ikkje aktivt på jobbsøk, men då stillinga i Maritime CleanTech dukka opp måtte eg berre søka. Her får eg høve til å jobba direkte med innovasjon og det grøne skiftet i skipsfarten. Det er både viktig og spennande! At reisetida til jobb blei kraftig redusert var heller ikkje noko minus.

Det seier Kari Stautland til KOM24.

Internasjonale prosjekt

Ho har nyleg slutta i jobben som kommunikasjonsrådgjevar i Sjøfartsdirektoratet og har gått over i ei tilsvarande stilling i Maritime CleanTech på Stord.

Maritime CleanTech er ei næringsklynge med over 150 medlemsbedrifter, som samarbeider om å utvikla grønare løysingar for fartøy og infrastruktur.

– For min del blir det mykje tekstproduksjon knytt til Maritime Clean Tech sine aktivitetar og profilering av prosjekta og samarbeidspartnarar. Me lagar også kommunikasjonspakkar til store nasjonale og internasjonale prosjekt, og har ansvaret for gjennomføring av desse, fortel ho om sin nye jobb.

Stautland har mange års røynsle som journalist bak seg, før ho tok steget over til kommunikasjonsbransjen. Det var eit val ho tok etter at hennar dåverande arbeidsgjevar, Haugesunds Avis, la ned lokalkontoret på Stord.

Om lag samstundes lyste Sjøfartsdirektoratet ut ei stilling som redaktør/kommunikasjonsrådgivar

– Den gongen var det nok redaktøroppgåvene som lokka mest, men eg fann kjapt ut at kommunikasjonsbiten var veldig interessant!, seier ho.

Viking Sky-havariet

I Sjøfartsdirektoratet hadde ho hadde redaktøransvar for fagbladet Navigare frå ho starta til dei gjekk over til køyra utelukkande digital informasjonsformidling i 2020, Stautland seier ho synest det var veldig kjekt å få utvikla og modernisera magasinet.

– Arbeidet i Sjøfartsdirektoratet baud også på mange utfordringar, og dei siste åra jobba eg mykje med pressehandtering. Då fekk eg kjenna på adrenalinet iblant. Eg hugsar særleg godt Viking Sky-havariet i Hustavika i 2019, då kokte det godt, seier ho.

Framover meiner ho at innovasjon og berekraft vil vera dei viktigaste stikkorda i kommande år.

– I maritim næring er me opptatt av å få i gang utsleppskutta som gjer at me når klimamåla. Berre i Noreg skal me kutta halvparten av utsleppa frå innanriksfarten innan 2030. Diesel og tungolje skal erstattast med grøne alternativ. Me er no inne i eit avgjerande tiår der ei rekke nye energiløysingar skal utviklast for mange ulike skipstypar. Då er me avhengig av endå meir samarbeid på tvers og på langs av verdikjeder, og det er nettopp det me i Maritime CleanTech legg til rette for.

Powered by Labrador CMS