NRK-journalist Roger Sevrin Bruland.
NRK-journalist Roger Sevrin Bruland er no ferdig i statskanalen for å få jobba med kommunikasjon.

Roger Sevrin Bruland ny kommunikasjonsleiar i Norec

Ferdig i NRK.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg vart det kjent at Roger Sevrin Bruland skulle byrja å jobba i NRK Vestland, no har han i staden gått til Norec. 

– Dette gler eg meg til. Det er kjekt å utfordre seg sjølv, og eg trur det blir både lærerikt og spennande. Å kunne bu lokalt og jobbe internasjonalt er ein unik kombinasjon, seier Bruland i ei pressemelding,

46-åringen har 15 år bak seg i NRK, dei siste åra som Europa-korrespondent for NRK. Her har han mellom anna rapportert direkte frå pandemien i Europa, og stått ved fronten i Ukraina på direktesendt TV.

– Eg har alltid sagt at eg aldri skulle bli leiar. Men i jobben min som korrespondent har eg blitt inspirert av å sjå vanlege folk i Ukraina stå fram og ta ansvar, og det har endra synet mitt. Er det bruk for meg i ein leiarjobb, så vil eg gjerne ta det ansvaret, seier Bruland.

Den nye kommunikasjonsleiaren blir leiar for dei fire tilsette som jobbar med kommunikasjon i Norec. I tillegg skal han sitje i leiargruppa i Norec.

Det var totalt 18 søkjarar til stillinga som kommunikasjonsleiar. Konkurransen var skarp, men erfaringane og bakgrunnen til Bruland gjorde at han trekte det lengste strået.

– Vi ser fram til å få i hus ein kar som vil gi oss nye perspektiv, gjere oss endå meir synlege og bidra til at vi i fellesskap får synt kva kompetansesenteret Norec gjer, seier direktør i Norec, Jan Olav Baarøy.

Bjaarøy seier i pressemeldinga at han er nøgd med tilsetjinga. 

– Bruland sit på mykje kunnskap om svært mange felt. Han har omfattande internasjonal erfaring som han har bygd opp over 25 år. At han kjenner media, både nasjonalt og internasjonalt, frå innsida er kunnskap vi kjem til å få god nytte av, seier Baarøy.

Powered by Labrador CMS