Berre seks søkarar på stillinga som kommunikasjonsdirektør for Lotteritilsynet
Marie Havnen ville ikkje ha jobben og degraderte seg sjølv. No er lista med dei som vil ha jobben hennar klar.
– Eg vil gjera det eg har mest lyst til, ikkje det andre forventar av meg.
Det sa Marie Havnen til KOM24 då det vart kjent at ho etter snart tre år i stillinga som kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet valde å degradera seg sjølv til kommunikasjonsrådgjevar og dei var nøydd på jakt etter hennar etterfølgar.
No har søknadsfristen på stillinga gått ut og det kom inn berre seks søkarar til stillinga, to av dei er unntatt offentlegheit.