Reklamebyrået Zpirit hadde rekordhøge inntekter i 2023.
Reklamebyrået Zpirit hadde rekordhøge inntekter i 2023.

Reklamebyrå med millionutbytte

Sjølv om det er tøffe tider i reklamebransjen, er det framleis byrå som tenar pengar. 

Publisert

Eit av dei er det vesle reklamebyrået Zpirit på Stord. 

Byrået, som har elleve tilsette, hadde i 2023 ei rekordhøg omsetjing på 14,6 millioner kroner. Det er ein vekst på knappe 100 000 kroner på eit år.

Byråomsetninga deira endte på 12,3 millionar kroner og årsresultatet blei på 1,6 millioner kroner. 

Av dette viser rekneskapstala at eigarane av byrået, der Oddvard Hårde er den største eigaren, tek eit utbytte på ein million kroner.  

Det er god butikk i å driva reklamebyrå på Sommarøya og sidan 2013 er det berre eit år byrået ikkje har tent pengar. Det har gjort sitt til at eigarane har hatt høve til å ta ut 10,3 millioner kroner i utbytte i samme periode. 

Powered by Labrador CMS