– No var eit godt tidspunkt for å vurdera andre ting, seier Gilleshammer.

Terje Gilleshammer er ny kommunikasjonsdirektør i Lotteritilsynet

Marie Havnens etterfølgar er no klar. 

Publisert Sist oppdatert

– Det følast veldig kjekt å skulle byrja å jobba for Lotteri- og stiftelsestilsynet. So er det litt rart å forlata eit NRK som eg har eit varmt bankande hjarte for og som eg har jobba for i 19 år.

Det seier den nye kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Terje Gilleshammer til KOM24.

Tidlegare i haust vart det kjend at Marie Havnen valde å degradera seg sjølv som kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, no er etterfølgaren hennar på plass.

Det er distriktsredaktør i NRK, Terje Gilleshammer.

– Kjendes naturleg

Gilleshammer har vore tilsett i NRK Sogn og Fjordane sidan desember 2004, sidan 2016 har han vore distriktsredaktør og sidan 2022 redaksjonssjef. 

– Eg har vore i stort sett alle roller som er i NRK i Førde, så det å kikka etter noko nytt no kjendest naturleg, seier han og peikar på at dei har flytta inn i eit nytt bygg, eit prosjekt han har leia dei siste sju åra og han har vore med i ein ny undersøkande redaksjon i vest som han har vore med og bygd opp og som no går frå prosjekt til drift. 

– Så no var eit godt tidspunkt for å vurdera andre ting, seier han.

Han er utdanna i internasjonal marknadsføring frå Høgskulen i Ålesund, han har studert ved Bangkok University i Thailand og arbeidd for lakseeksportøren Coast Seafood i Måløy.

Gilleshammer seier til KOM24 at han har ein stor kjærleik for det samfunnsoppdraget som NRK har som ein lisensfinansiert medieaktør. Han seier at Lotteritilsynet og må finna si rolle for å vera med og utvikla og påverka spelmarknaden på ein god måte. 

– Ser fram til å jobba med forgjengaren

Han trur ikkje det vert ein stor overgang frå å vera i mediebransjen til å jobba med kommunikasjon og peikar på at han gjennom mange år har hatt mange roller i NRK, mellom anna som distriktsredaktør og redaksjonssjef. 

– Eg har jobba strategisk i mange av desse rollene og jobba med intern og eksternkommunikasjon, slik at den forskjellen er mindre i kvardagen enn det verkar til å vera når ein ser på det skjematisk, seier han.

Han ser ikkje på det å jobba med den tidlegare kommunikasjons- og strategidirektøren, Marie Havnen, som valde å degradera seg sjølv i haust.

– Det sjå eg veldig fram til. Me samarbeida godt i prosjektfasen rundt nynorskhuset, seier han. 

Han snakkar og om eit godt samarbeid då ho var fungerande ansvarleg redaktør i Firda. 

– Ho er ein utruleg flink person, redaktør og journalist. Eg kjem til å måtte læra masse i ei ny rolle og eit nytt fagfelt. så det å ha dyktige folk rundt meg er bra, seier han.

– Treng ikkje mange søkarar

Han fekk tilbodet om stillinga på fredag og har brukt helga til å tenkja på kva han skulle gjera, saman med familien. 

Gilleshammer byrjar i stillinga 1. mars. 

Det var berre seks søkarar til direktørstillinga, det meiner direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet ikkje var eit problem.

– Ein treng ikkje mange søkarar, så lenge ein får dei rette søkarane, seier han.

Han dreg fram Gilleshammers bakgrunn etter å ha jobba med både kommunikasjon og strategi og strategiutvikling. 

– Han skal og hjelpa til meg for å halda tak i prosessane med strategiar, det er klart at me må legga litt ressursar i det. For pengespelregulering er eit felt i stadig utvikling, der me har med store internasjonale aktørar å gjera, seier Hamar. 

Han seier at stiftelsesområdet er veldig interessant og samansett og i tillegg har dei ansvar for frivilligsektoren, der dei stadig får nye oppgåver og dei må jobba med kva som skjer på dei ulike sektorane, difor er Hamar nøgd med strategibakgrunnen til Gilleshammer. 

– Eg er glad for få Terje om bord som strategidirektør. Me har mange spanande prosessar som krev desse eigenskapane han har. I tillegg er det ein dyktig gjeng som er i den staben han skal leia, sluttar han. 

Powered by Labrador CMS