Beate Husa byrja som PR-rådgjevar rett før jol 2022. No gjev ho seg.

Gjev seg som PR-rådgjevar etter mindre enn eit år

Forlèt PR-bransjen for å gå over til Guds hus. 

Publisert

Før jol 2022 vart det kjent at den tidlegare helsebyråden i Bergen, KrF-politikaren Beate Husa bytta ut politikken med PR-bransjen.

Alt etter berre nokre månader skiftar ho kurs i yrkeskarrieren si igjen, denne gongen til ein jobb som er i tråd med det politiske synet ho står for. 

I haust skal ho nemleg verta kyrkjeverje på Lillehammer.

– Det har vore veldig gøy å prøva seg i Apriil med flotte folk og gøye oppgåver. Så eg er kjempetakknemleg for denne erfaringa og alt eg har lært. Men så dukka denne moglegheita opp, med eit yrke som eg har ni års erfaring frå, skriv Husa i ein SMS til KOM24.

Ei kyrkjeverje er dagleg leiar i eit kyrkjeleg fellesråd. Det kyrkjelege fellesrådet er kyrkjas demokratiske organ på kommunenivå.

På Lillehammer vil Husa verta sjef over ei avdeling som har 24 tilsette, som utgjer 17,5 årsverk. 

Då KOM24 snakka med ho, heilt i byrjinga av si nye karriere som PR-rådgjevar, la ho ikkje skjul på at det var noko nytt som venta ho og at det låg eit stort spaningsmoment i det. 

– Dette er ei rolle eg ikkje har hatt før, så ein vert jo litt spørjande; Eignar eg meg som konsulent? Er dette noko eg kan få til. Ein skal jo ha kundar og fakturera timar og det er noko heilt nytt som eg aldri har vore med på før, så det ligg jo sjølvsagt eit stort spenningsmoment der. Men Skjelbred har tatt meg under venga for fleire veker sidan og me har hatt fleire møter og har kome med gode døme, gjeve meg bøkene sine og verkeleg førebudd meg på rolla, sa ho då.

No seier ho at ho har fått stadfestinga ho leita etter.

– Det har vore kjekt å få stadfesta, seier ho

No er det altså slutt på PR-karrieren.

– Å flytta til ein annan by har også vore ein tanke eg har leika med tidlegare. Så etter ein tankeprosess kom eg fram til at om eg nokon gong skal gjera det, så må det kanskje vera no. Eg gler meg til dette!, skriv ho.

Og dette er ikkje nødvendigvis eit endeleg farvel.

– Eg vil absolutt ikkje utelukka konsulentbransjen igjen, skriv ho avslutningsvis. 

Powered by Labrador CMS