Eline Hatlestad Kirkebø forlet journalistikken for å jobba som customer success specialist i Tibber. Men kva i all verda betyr eigentleg det? – Kunde suksess spesialist, vel. Hehe. Neidå, men det handlar om å gi dei eksiserande kundane ei så god som mogleg kundereise hos Tibber.
Eline Hatlestad Kirkebø forlet journalistikken for å jobba som customer success specialist i Tibber. Men kva i all verda betyr eigentleg det? – Kunde suksess spesialist, vel. Hehe. Neidå, men det handlar om å gi dei eksiserande kundane ei så god som mogleg kundereise hos Tibber.

Går frå journalistikken til Tibber: – Då denne stillinga dukka opp tenkte eg det var perfekt

– Her kan eg bruke ein del av erfaringa eg har frå journalist og frontsjef-yrket, men samtidig kaste meg ut i eit heilt ukjent terreng.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har lært enormt mykje by doing, og har heile vegen fått mykje tillit og ansvar. Det har eg trivest veldig godt med og er takksam for.

Det seier Eline Hatlestad Kirkebø til KOM24.

Ho har nyleg skifta jobb frå avisbransjen til Tibber kor ho jobbar som customer success specialist.

– Perfekt

– Då denne stillinga hos Tibber dukka opp, tenkte eg at det var perfekt. Her kan eg bruke ein del av erfaringa eg har frå journalist og frontsjef-yrket, men samtidig kaste meg ut i eit heilt ukjent terreng, seier ho.

Kirkebø seier at ho alltid har synest at Tibber verka som eit superspennande selskap. Mykje på grunn av miljøaspektet ved målet om at folk skal bruke mindre straum.

– Men eg synest også at det inspirerande at Tibber har vakse så fort og skapt eit så innovativt miljø med hovudkontor i Førde – det viser at det ikkje er nokon avgrensing for suksess å satse på ein mindre plass. Så, då sjansen baud seg til å bli med på dette eventyret, greip eg den, seier ho.

– Ei slags nøkkelrolle

Jobben hennar går ut på å sørga for at kundane får rett informasjon til rett tid, tilpassa sine behov og ønsker. Å sørge for tilpassa informasjon både i appen, på e-post og artiklar for at kundane skal få mest mogleg ut av å vere Tibber-kunde og få best mogleg verktøy til å bli smarte straumforbrukarar.

– Eg jobbar tett saman med Support-teamet i Norge, men også tett saman med det globale kunde-teamet og saman med dei ulike avdelingane internt. Ei slags nøkkelrolle mellom mange delar av selskapet, seier ho.

Ho har ei utdanning med bachelor i Visuell kultur og master i medievitskap frå Universitetet i Bergen.

Då jobba ho som journalist parallelt med studiane.

Kirkebø starta i Firda som sommarvikar første gong i 2012 og har sidan vore innom BA og Nordhordland før ho landa i Firda igjen 2021.

– Då fekk eg med meg Bærums-typen min til Førde og vi stifta familie her. Sidan 2021 har eg jobba som frontsjef og vaktsjef i Firda. Og den siste tida som Frontsjef 1: Kanalsjef for firda.no og kaptein på frontsjef-laget.

Ho seier ho har vore med på store endringar i avisbransjen, og sett moglegheitene digitaliseringa har gitt.

– Fin tid å gjera noko heilt nytt

– Eg kunne heilt fint ha halde fram som journalist og lært noko nytt kvar dag og trivast med det, men eg kjente også no at det var ei fin tid å gjere noko heilt nytt. Og då denne stillinga hos Tibber dukka opp, tenkte eg at det var perfekt. Her kan eg bruke ein del av erfaringa eg har frå journalist og frontsjef-yrket, men samtidig kaste meg ut i eit heilt ukjent terreng.

Men ho innrømmer at ho kjem til å sakna den delen av yrket der ho heile tida er oppdatert på det som skjer i lokalsamfunnet.

– Eg merkar allereie at eg heng bitte litt mindre med. Men så er det jo litt deilig å ikkje måtte følge med på alt som kryp og går til ei kvar tid også, då.

For ordens skuld: Journalisten i denne saka jobba saman med Kirkebø i avisa Nordhordland.

Powered by Labrador CMS