Tor Godal
Tor Godal

Tor Godal vert myndigheits­kontakt på UiB

Kjem tilbake til sin gamle arbeidsgjevar.

Publisert

— Eg gler meg till å få jobba saman med leiinga ved UiB opp mot lokale og nasjonale styresmakter. Heilt etter hjarta for ein politisk nerd, skriv Tor Godal i ein SMS til Khrono.

Han har no kome tilbake til Universitetet i Bergen og er tilsett i ei stilling som myndigheitskontakt ved Universitetet i Bergen. Godal kjem frå BA der han slutta i vinter etter ein periode som konstituert sjefsredaktør.

Godal har tidlegare vore kommunikasjonsdirektør ved UiB.

Khrono skriv av Godal, som har sin fyrste arbeidsdag 4. august, vil få ansvar for UiB sitt arbeid med Kunnskapsbyen Bergen, men at han òg vil arbeida meir allment med kontakt med styresmakter i brei forstand.

— Unik kompetanse og innsikt i politiske prosessar og miljø, kombinert med personlege eigenskapar, kjennskap til UiB og sektoren, gjer Godal svært godt kvalifisert til stillinga, skriv universitetsdirektør Robert Rastad i ein SMS til Khrono.

Powered by Labrador CMS