Tore Boge var på plass i Brussel for å ta imot den ærefulle prisen onsdag kveld, saman med Maritime CleanTech-kollega, Kari Stautland, som leier kommunikasjonsarbeidet i ShipFC-prosjektet.
Tore Boge var på plass i Brussel for å ta imot den ærefulle prisen onsdag kveld, saman med Maritime CleanTech-kollega, Kari Stautland, som leier kommunikasjonsarbeidet i ShipFC-prosjektet.

Vann prestisjefylt kommunikajons­pris frå EU

– Dette viser at me har fått ei høg stjerne hos EU, og det gir oss ekstra motivasjon til den vidare prosjektutviklinga.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er ei stor ære, både for partnarane i ShipFC-prosjektet og for Maritime CleanTech som industrisamarbeid. Å sørga for at ny kunnskap og informasjon når ut til industrien og samfunnet er sentralt når me utviklar grøn teknologi og nye verdikjeder, seier konstituert direktør i Maritime CleanTech, Håvard Tvedte i ei pressemelding.

ShipFC-prosjektet, med mange norske partnarar, stakk av med «Best Outreach Award» under EUs hydrogenveke i Brussel onsdag.

Næringsklynga Maritime CleanTech har ansvar for både prosjektleiing og kommunikasjonsarbeid i ShipFC.

– Denne prisen er ei anerkjenning av arbeidet me gjer for å visa fram framtidas løysingar i internasjonale marknader, seier Tvedte.

Formålet med EU-prisen er å auka fokuset på godt formidlingsarbeid i store innovasjonssatsingar som mottar EU-midlar. Juryen legg vekt på kreativitet, men også grundig planlagde kommunikasjonsstrategiar.

Tore Boge var på plass i Brussel for å ta imot den ærefulle prisen onsdag kveld, saman med Maritime CleanTech-kollega, Kari Stautland, som leier kommunikasjonsarbeidet i ShipFC-prosjektet.

– Denne prisen er eit resultat av godt samarbeid mellom prosjektpartnarane, som alle deler oppfatninga om at deling av informasjon og kunnskap er viktig om me skal lukkast med det grøne skiftet. Dette viser at me har fått ei høg stjerne hos EU, og det gir oss ekstra motivasjon til den vidare prosjektutviklinga, seier Stautland.

Powered by Labrador CMS