Stine Mari Skeide, kommunikasjonsrådgiver i Møre og Romsdal politidistrikt.

Stine Mari Skeide er ny kom-rådgivar i Møre og Romsdal politidistrikt

Stine Mari Skeide kjem frå stillinga som kommunikasjonsrådgivar ved Kystverket, og tiltrer i stillinga 22. februar.

Publisert

– Sjølve tilsetjinga vart landa i fjor vår, så no gler vi oss veldig til å få Stine Mari på plass hos oss i kommunikasjonsstaben. Den allsidige bakgrunnen både som journalist og kommunikasjonsrådgivar vil vere god å ha med seg inn i kommunikasjonsarbeidet i politidistriktet, seier kommunikasjonsdirektør, Iselin Nevstad Øvrelid i ei pressemelding.

Stine Mari Skeide har vore i foreldrepermisjon sidan juni 2023. Før det jobba ho i Kystverket med blant anna intern og ekstern kommunikasjon, universell utforming og analyse av nettsider. 

Før dette budde ho i Trondheim der ho jobba som fagansvarleg for lærestadskommunikasjon i Lånekassen, og koordinator og konferanseplanleggar ved NTNU. 

Skeide er utdanna journalist, og har ein mastergrad i dokumentar og journalistikk frå Høgskulen i Volda. Ho har også ein grad i medieproduksjon, og har studert musikkteknologi ved University of South Wales i Cardiff.

– Eg ser fram til å ta i bruk bakgrunnen min som journalist, i tillegg til erfaringa eg har med intern og ekstern innhaldsproduksjon frå tidlegare kommunikasjonsjobbar. Eg brenn for klarspråk, og ser fram til å jobbe saman med resten av kommunikasjonsstaben for å sikre at innbyggjarane i Møre og Romsdal får den informasjonen dei treng, seier Stine Mari Skeide i ein kommentar.

Powered by Labrador CMS