Marie Tefre Birkeland

Marie Tefre Birkeland (33) er ny kommunikasjons­rådgivar i Lotteritilsynet

– Det er kult å jobbe nasjonalt frå Førde.

Publisert Sist oppdatert

– Det er ein veldig interessant arbeidsplass, som jobbar innan mange ulike fagfelt. Eg er nesten overraska over kor mykje Lotteri- og stiftelsestilsynet driv med. Og så er eg veldig nysgjerrig, og ser fram til å lære meir. Dessutan er det kult å jobbe nasjonalt – frå Førde.

Ekstremt lærerike

Det seier Birkeland i ei pressemelding frå Lotteri- og stiftelsestilsynet etter nokre veker i ny jobb.

Ho er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda og har erfaring frå TV 2 i Bergen.

Dei siste fem åra har ho jobba i Framtidsfylket Vestland som marknads- og kommunikasjonsmedarbeidar. Der har ho jobba for å rekruttere og behalde kompetanse og arbeidskraft i nettopp Vestland.

– Dei første vekene har vore ekstremt lærerike, og eg er tatt utruleg godt i mot. Det er mykje info å ta inn, som eg kjem til å bruke litt tid å prosessere, seier ho i pressemeldinga.

Styrkar laget

Marie Havnen er kommunikasjons- og strategidirektør i tilsynet. Ho gler seg over å ha fått Birkeland inn i teamet.

– No styrkar vi laget med ei ny kommunikasjonsstilling. Vi gler oss veldig til å sjå korleis Marie kan løfte oss på omdømmebygging av arbeidsplassen og på rekruttering. For å gjere den beste jobben vi kan som tilsyn, treng vi å halde på og få tak i dei beste folka, seier Havnen.

Powered by Labrador CMS