– Det eg verkeleg kjem til å sakna aller mest med jobben i Sogn Avis er min ekstremt gode kollega og ven, Morten Sortland (34), som eg har delt skrivebord med i over 10 år.

Gjev seg i lokalavisa etter 14 år – No skal Hanne lokka folk heim

– Dette har eg no forresten litt personleg erfaring med, sidan eg faktisk evna å rekruttera denne eine dansken eg fekk med meg heim.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Konsernlivet er nok eit hamsterhjul for mange journalistar, men er det noko folk i små lokalaviser er vande med, så er det høgt produksjonspress og krav om sider som skal fyllast kvar dag. Slik sett er det ikkje å så ulikt. Eg skal ikkje seia at det direkte påverka valet mitt om å byta yrke, men at eg då avgjerda var teken, kjende veldig på at det skal bli veldig godt med eit avbrekk frå akkurat det.

Det seier Hanne Stedje til KOM24.

– Ung og lovande

Ho har no fått permisjon frå stillinga si som journalist i Sogn Avis for å byrja som leiar på tilflyttarkontoret i Årdal kommune. Der skal ho jobba med omdømebyggjing, profilering og marknadsføring av Årdal – med mål om å auka tilflyttinga. Det til trass i at ho har hatt ein draum om å verta journalist sidan ho gjekk i sjuande klasse.

– Eg har omtrent aldri gjort noko som helst anna i heile mitt yrkesliv. Difor kan det vera sunt å nett prøva noko nytt, og då er tida inne no. Om eg hadde venta nokre år, er det ikkje sikkert at arbeidsmarknaden vil finna meg like ung og lovande. Men det skal seiast: dette er ei prosjektstilling som opphavleg vart lyst ut for eitt år sidan. Eg var nok litt interessert då òg, men søkte ikkje fordi det vart alt for skummelt å skulle seia farvel til journalistikken på litt meir permanent basis. Då vikariatet no vart lyst ut, fekk eg føre meg at det måtte vera no eller aldri, seier ho.

Stedje seier at det kjennest litt tryggare å kasta seg ut i nye utfordringar med vissa om at ein kan gå attende om eitt år.

– Reint idealistisk sett kan kan det vera fint å bruka ressursar, arbeidskraft og kompetanse på noko som vonleg vil gagna den fellesskapen mitt eige lokalsamfunn er, i motsetnad til å vera tilsett i eit milliardkonsern med adresse Oslo, seier ho.

Har jobba i dansk presse

Stedje trur ho har gode føresetnader for å lukkast i sin nye jobb.

– Eg skal med andre ord lokka folk til å flytta hit til teknologibygda inst i fjorden. Dette har eg no forresten litt personleg erfaring med, sidan eg faktisk evna å rekruttera denne eine dansken eg fekk med meg heim, fortel ho.

Ei vel så viktig oppgåve for Stedje vert å hjelpa dei som flyttar dit til rette, til dømes ved å hjelpa til med å knyta kontaktar til lokalmiljøet.

– Eg skal vera den som formidlar kontakt mellom tilflyttarar og lokalbefolkninga, spesielt med tanke på sosiale relasjonar og fritidstilbod, seier ho.

– No blir til dømes kommunedirektøren og ordføraren, som eg somme tider har gjeve ganske så mykje tyn, pes og regelrett kritikk i spaltene, med eitt mine næraste overordna. Eg ser føre meg at det vil krevja ei viss tilvenning

Hanne Stedje har lang erfaring frå journalistyrket. Ho byrja som ferieavløysar i Årdal & Lærdal Avis på 90-talet og fekk med seg eitt år i Sogn Avis i vikariat rundt tusenårsskiftet, før ho fann kjærleiken på danskebåten og flytta til Danmark.

Der jobba ho i Fyens Stiftstidene, på lokalkontoret i Middelfart, og fekk i tillegg med seg eit par år i det danske skuleverket.

– Det fekk meg til å sakna både Sogn og journalistikken såpass mykje at eg reiste heim for å vera med på å starta opp Porten.no – Norges aller første heildigitale lokalavis i 2004, seier ho.

Har gjeve sine nye sjefar mykje tyn

Etter tre år som redaktør, i det ho kallar for verdas minste avis, bar det tilbake til Sogn Avis i 2007, der ho har vore sidan. Når ho no gjer eit nytt yrkesval, meinar ho at den største utfordringa ikkje ligg i å byta yrke, men i det å byta arbeidsgjevar.

– Eg har vandra ut og inn på rådhuset i over 20 år som journalist, ei heilt særskild rolle å ha overfor dei som er tilsette i kommunen. No blir til dømes kommunedirektøren og ordføraren, som eg somme tider har gjeve ganske så mykje tyn, pes og regelrett kritikk i spaltene, med eitt mine næraste overordna. Eg ser føre meg at det vil krevja ei viss tilvenning, både for deira del og mest av alt, for min, seier ho.

Ho seier ho kjem til å sakna engasjementet ho møter hjå folk, i rolla si som journalist.

– Overalt er møter eg folk som brenn for eitt eller anna, anten det er politikk eller næringsliv, fotball, korps eller husflid. Det er også det same om det er nabokranglar eller flatbrødbaking, det er eitt eller anna som opptek folk og som dei gjerne vil formidla. Det er utruleg inspirerande, seier ho.

Men det er ikkje alt som er lika stas i jobben som journalist. I det siste har det vore mykje fokus på arbeidsmetodikken som Amedia har ivra for å innføra i lokalavisene sine.

– Utruleg mykje mas om tal

– Eg skal ærleg innrømma at det er utruleg mykje mas om tal – måltal, breiddesaker, klikkrater under 40 år og prosentvis fråfall. Eg skulle ønskt at det vart tydelegare understreka at det faktisk er innhaldet i ei sak som er det viktigaste, ikkje nødvendigvis talet på lesarar, seier Stedje.

Ho seier ho er usikker på kor motiverande det er for ein allereie hardt pressa arbeidsstyrke å heile tida få nye måltal og tersklar å skulle strekka seg etter og seier ho forstår godt dei som fryktar at denne strategien går utover samfunnsoppdraget.

– Samstundes kan ein også sjå slik på det at statistikkane er lesarane sin måte å snakka til oss på. Då må me også lytta til det dei seier og læra, peikar ho på.

Powered by Labrador CMS