Siri-Ann Roska skal og vera ein rådgjevar og sparringpartner for leiinga i reiselivsavdelinga.

Gjev seg i Høgre etter fire år – går til Innovasjon Noreg

– Eg er sikker på at når eg ser tilbake på desse fire åra, vil dei vera blant dei meir spanande i livet mitt. 

Publisert

– Det vert spanande å sjå og læra meir om alt av reiselivsdestinasjonar i Noreg.

Det seier Siri-Ann Roska.

Ho gjev seg som kommunikasjonsrådgjevar og pressekontakt for Høgre si stortingsgruppe, etter å ha vore der i fire år. Snart blir ho ansvarleg for bransjeformidling innan reiseliv i Innovasjon Noreg, Visit Norway. 

Ho seier til KOM24 at ho alltid har elska å reisa, noko ho også har fått gjera litt jobben i Høgre.

– Eg har reist med politikarar og i samband med valkampar der me har besøkt bedrifter og lokallag. Eg trur det vert veldig spanande å sjå meir av Noreg og ulike initiativ som er rundt om i landet, seier ho og legg til:

– Det er kult med alle som er innovative og sel unike opplevingar. Eg er veldig stolt av Noreg og alt det vakre og spanande vårt langstrakte land har å by på, seier ho.

Ho kjem sjølv frå gamle Sogn og Fjordane og seier at nokre av dei finaste plassane ho veit om er Solund og Gaularfjellet, der ho har røtene sine frå. Når ho snakkar med KOM24 har ho nett komen heim frå ein ferie til Indonesia.

I sin nye jobb skal ho jobba med kommunikasjon om reiseliv til reiselivsbransjen og pressearbeid.

Innhaldsproduksjon, redigering og publisering i interne og eksterne kanalar, produksjon og redigering av foto og video, publisering i sosiale medium og dessutan å vera skrivande redaktør for Visit Norway Business vert mellom arbeidsoppgåvene.

– Eg skal og vera ein rådgjevar og sparringpartner for leiinga i reiselivsavdelinga, seier ho.

Siri-Ann Roska er glad i å reise, det vert det mykje av i ny jobb.

Roska byrja karrieren som journalist, men gjekk for fire år sidan over til å jobba med kommunikasjon for Høgre. 

Ho seier at det var tilfeldig at ho hamna i politikken, og at det aldri var meininga at ho skulle vera der for alltid. 

– Eg er takksam for alle moglegheiter eg har fått i Høgre desse fire åra. Det har vore skikkeleg spanande og lærerikt. Eg har fått jobba med ulike politikarar på ulike fagfelt, både i posisjon og opposisjon. Eg har jobba med kvardagslege oppgåver og større prosjekt, fått bidra i to valkampar, og besøkt folk og bedrifter rundt om kring, seier ho. 

Ho kallar det for fire interessante og lærerike år og reknar med at når ho summerer opp vil dei peika seg ut blant dei meir spanande i livet hennar.

Den siste halvannan månaden har det storma ekstra rundt Høgre, det seier Roska ho berre har fått med seg gjennom media.

– Eg har vore på ferie etter valet, seier ho.

Roska byrjar i ny stilling fyrste desember.

Powered by Labrador CMS