Gjengen i Prolera AS: Frå venstre Terje Tvedten, Åse Løkkebø, Kristinn Agnar B Atlason, Gianni Rebaudo, StianSjøvangen, Ronny Havn og Øystein Arholm.

Går i direkte konkurranse med sin tidlegare arbeidsgjevar

Satsar sparepengane.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Dette vert spennande! Med fleire aktørar innan faget, spesielt her på Stord, så blir det opp til oss å levera det beste til kundane våre.

Det seier Åse Løkkebø, dagleg leiar for Prolera AS, i ei pressemelding til Kvinnheringen.

Ronny Havn, Terje Tvedten og Åse Løkkebø satsar no sparepengane sine på eit oppkjøp i tidlegare Metro Reklamestudio AS. Dei skiftar namn til Profilera, opprettar avdeling på Stord og går direkte i konkurranse med sin mangeårige arbeidsgjevar, Byrået Sydvest.

Med på eigarsida i Prolera AS er også reklamebyrået Zpirit AS på Stord.

– Produksjon og montering ligg utanfor kjerneområda til Zpirit, men fleire av våre størreoppdragsgjevarar ønsker ofte eitt kontaktpunkt ved samla leveransar – og då tilbyr me det utan ekstrakostnad, seier Oddvar Hårde, dagleg leiar i Zpirit og styreformann i Prolera AS

Powered by Labrador CMS