Yngve Garen Svardal, Isak Egge Brønseth og Ellen Høiby utgjer redaksjonen i KOM24.

Kommentar: 

Fem år med KOM24: Frå start-up til del av nordisk mediegigant

«Då KOM24 gjekk på lufta 10. november 2020, var målet å skapa ei avis for og om kommunikasjonsbransjen. Fem år seinare står me sterkare enn nokon gong, med vekst i abonnement, fleire journalistar og stadig fleire lesarar som følgjer oss dagleg», skriv redaktør Yngve Garen Svardal i denne kommentaren.

Publisert Sist oppdatert

10. november vil alltid vera den viktigaste datoen i KOM24s stadig lengre historie.

Det er dagen me gjekk live fyrste gong, nærare bestemt 10. november 2020. Det betyr at me er fem år i dag!

Hipp hurra for oss!

Vår dåverande journalist og einaste tilsette i november 2020, Ingvild Fylling, hadde i månadane før brukt tida på å bygga opp ein stor base med saker. Og fyrste dag hadde me saker om at 12 av 17 kommunikasjonssjefar i departementa er kvinner og løna deira, at BDO kjøpte seg inn i Godt Sagt i Drammen, me skreiv om at Lånekassen droppa Instagram og valde å kommunisera gjennom nettsider og e-post, Umar Ashraf skreiv ein kommentar og me hadde ei søkarliste på stillinga som kommunikasjonsrådgjevar i Nærings- og fiskeridepartementet.

På dei fem åra som har gått sidan då har avisa vore gjennom ei, for å bruka bransjens mest grufulle klisje, lang reise. 

Me har med åra vorte meir og meir nyheitsdriven, redaksjonen har vakse, for tre år sidan byrja me å ta betalt for å lesa journalistikken vår, redaksjonen har vakse til tre skrivande journalistar, me har fått ny ansvarleg redaktør og ikkje minst so er me kjøpt opp av danske Watch Media, som igjen er eigd av mediegiganten JP/ Politikens hus. 

Rammevilkåra er altso totalt forandra berre på nokre få år. 

Som femåringar flest er me svært nysgjerrige og vil berre læra meir og me jobbar kvar for å gje dykk nyheiter om kva som skjer i bransjen.

Berre den siste tida har me hatt eit sterkt fokus på kjønnsbalansen i dei store reklame- og kommunikasjonsbyråa, me har skrive masse om offentlege anbod og byrå som byr under kvarandre for å sikra seg arbeid, me har skrive om TRY som har kutta over 60 stillingar den siste tida, uro i Apriil og Släger, og om norske byrå som har kopierer andre og norske byrå som vert kopiert. Men me har og skrive om logoen til PWC som får kritikk for slurvete arbeid, om at no er generasjon Alfa snart vaksne og ein må læra seg å marknadsføra mot dei, me møter internasjonale bransjepersonlegdommar som Rory Sutherland, me dekkjer tallause prisutdelingar, me skriv om det som skjer utanfor Oslo og me er til stades i Cannes, Arendal og Bergen

Og korleis går det eigentleg med oss?

Me har aldri hatt fleire innlogga abonnentar enn førre onsdag, me har aldri hatt fleire innlogga i løpet av ei veka enn me hadde i førre veka, det vera seg om du reknar måndag til fredag, som jo er dei viktigaste dagane, eller om du reknar med helga og for å toppa det heile: Til no i 2025 kan me visa til ein abonnementsvekst på fine 50 prosent. 

So ja, i dag er det lov å vera stolt. Og glade for at Erik Waatland tenkte nokre kloke tankar våren 2020, då han bestemte seg for å satsa på avisa. 

Sjølvsagt er ikkje alle dagar like imponerande hjå oss, men som redaktør i den einaste avisa i landet som utelukkande skriv om kommunikasjon og marknadsføring, er eg svært nøgd med utviklinga me har hatt den siste tida. Redaksjonen har aldri vore på eit betre nivå.

Men veit du kva det beste av alt er? Me er langt frå ferdig utlært. Så held me fram denne utviklinga er eg trygg på at du skal sjå enno fleire gode saker frå oss i dagane, vekene og månadane framover. 

Og her er det viktige, vyrde lesar: Det er deg me er her for, so om du vil ha ei best mogleg bransjeavis som dekker stort og smått i bransjen, er me heilt avhengige av at du tipsar oss om det som skjer der ute, at du sender oss pressemeldingar om ting de har gjort og ikkje minst at du stiller opp når me ringer og vil ha eit intervju med deg. 

Tipsar du oss, skal me lova å prøva å forvalta det på best mogleg vis, så me alle får ei best mogleg KOM24. 

Det fortener de i bransjen!

———————————————-

Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS