KOMMENTAR:
Når tilliten til bransjen berre forvitrar
«Kva i all verda er det som skjer i reklame og kommunikasjonsbransjen for tida?», spør KOM24-redaktør Yngve Garen Svardal i dette innlegget.
Denne veka har eg hatt haustferie og skulle nyte tida med å kopla heilt av frå jobb og bruka minst mogleg tid på reklame- og kommunikasjonsbransjen i Noreg. Men medan eg har prøvd å ha fri, har bransjen valt å gå heilt totalt bananas, og eg sit på Vestlandet og lurar på kva i all verda som skjer.
Det byrja alt på fredag i førre veka då KOM24 var først ute med å fortelja at TRY Råd hadde snappa til seg ei kjempekontrakt med Bufdir. Det er ei kontrakt som sikrar dei masse arbeid og store inntekter dei neste åra. Men det kom fort fram at det låg masse bak denne historia.
Me såg at timeprisane var usedvanleg låge på ei rekke av tilboda. Vinnaren TRY Råd opererer med ein timepris på berre 1.146 kroner. Tante Randi og Atyp låg begge i same området, mens Dinamo skulle ha under 1.000 kroner timen for den same jobben.
Med det fekk òg Dinamo toppskår i anbodskonkurransen, og Bufdir meiner det på ingen måte er gått føre seg noko prisdumping her.
Dette er heilt spinnville prisar, og det er viktig å understreka her at Trigger på ingen måte er veldig mykje betre enn alle andre med sine 1.315 kroner i timepris. Ein timepris som ikkje skal rørast på fleire år.
For å setja det i kontekst: I 2022 kom Kreativt Forum med ei undersøking som viste at timeprisen i bransjen då låg på 1.377 kroner, men burde ha lege på 1.950 kroner dersom den hadde følgt konsumprisindeksen.
Dette burde timeprisen ha vore
Dette er tre år sidan, og dei 1.950 kronene som timeprisen burde ha lege på, skulle ha vore på 2.136 kroner i år, basert på Statistisk sentralbyrå (SSB) sin kalkulator. Dei 1.377 kronene som var den reelle timeprisen burde ha vore 1.508 kroner, om dei hadde følgt prisstiginga. Men denne historia er det altså Trigger som kjem best ut av, sjølv med ein timepris 4,5 prosent lågare enn snittprisen var for tre år sidan.
Det er fullt forståeleg at Trigger reagerer, og det vert spanande å sjå kva Klagenemnda for offentlege innkjøp (Kofa) kjem fram til i denne saka.
Me veit at bransjen har vore gjennom blytunge tider dei siste åra, og ein vil undergrava alt og alle berre for å sikra arbeid til seg og sine folk, men det som skjer i denne bransjen er ikkje berekraftig.
Gjennom mine no snart fem år som journalist og redaktør i KOM24 har mantraet vore at ein må få opp timeprisen, ein må visa sin verdi. Men denne veka har både reklame- og kommunikasjonsbransjen gjort det dei kan for å rasera sin verdi.
For etter timepris-sjokket i Bufdir-konkurransen dukka Aschehoug-skandalen opp.
Der har altså Morgenstern og Aschehoug gått saman om eit marknadsføringsstunt for Helga Flatlands nyaste bok ved å senda inn ei rekke spørsmål til samlivsspalter i Aftenposten og VG. Minst fem av desse artiklane er no avslørt som falske og avpublisert frå desse avisene. Bergens Tidende har òg vore nøydd til å avpublisera. Thuens artiklar vert òg publisert i Stavanger Aftenblad, men eg veit ikkje om dei òg er vorte lurt.
Det er mange ting å ta tak i her, men det mest graverande er at Morgenstern, som vert leia av Schibsteds tidlegare kommunikasjonstopp, faktisk trudde at dette var ein god idé. Kva vurderingar dei har gjort, det er ikkje lett å skjøna.
I ein SMS til KOM24 skriv byråleiar Kielland at «Selv om vi ønsket oppmerksomhet, så er dimensjoneringen av oppmerksomheten som har kommet betydelig større enn ventet. Målet var aldri å undergrave mediene og tilliten til disse, som er enormt viktig».
Skuffande
Men kva trudde ho ville skje om dette vart avslørt? I ei tid der me alle kjempar mot falske nyheiter og misinformasjon, så er det skuffande at eit av landets klart beste reklamebyrå kjem opp med noko sånt. Det er fullt forståeleg at både Trine Eilertsen og Gard Steiro i høvesvis Aftenposten og VG reagerer sterkt på lureriet og peikar på at det undergrev tilliten til avisene.
Det er òg svært merkeleg å sjå måten Aschehoug og Nora Campbell, forlagssjef for skjønnlitteratur i Aschehoug svarar for seg, inkludert i Dagsnytt 18, kor ho blant anna ikkje ville svara på kor mange innlegg og til kor mange aviser dei hadde sendt inn til. Det verkar rett og slett som om dei ikkje har lagt ein kommunikasjonsplan for kva dei skulle gjera om dei vart tatt med buksene nede. Noko liknande såg me frå Gyldendal og stormen rundt boka Partiet.
Det ser nesten ut som om den auka merksemda er ein del av kommunikasjonsstrategien deira. Om det stemmer, er det i beste fall merkeleg og vil truleg vera med på å gå utover omdømmet deira.
Men for å avslutta det heile med eit godt poeng. Til Kampanje seier kreativ leiar i Per Høj, Øyvind Waage, om Aschehoug-stuntet: «– Jeg kan forstå at de er avhengig av tillit og at det er en bekymring. Samtidig slipper de til de kommersielle blant annet gjennom denne Wolt-podkasten. De har stadig vekk kommersielt innhold som ligner det redaksjonelle. De sitter litt i glasshus synes jeg».
Der har Waage eit godt poeng, og dette er noko KOM24 har skrive om i fleire saker.
Men trudde du det var over med dette? Langt derifrå.
Deretter var det VGs herlege avkledning av Kristeleg Folkepartis nye spinndoktor, Hadle Bjuland.
– Det er dine ord
Byrjinga på saka om at han hadde fått jobben medan Astrid-Therese Theisen er ute i mammaperm, er allereie ein liten norsk bransje-klassikar.
«– Gratulerer med ny jobb som Ulsteins nye spinndoktor!
– Spinndoktor, det er dine ord.
– Nei. Det er dine. Du skrev det på en sms til meg for et par timer siden i innsalget ditt. «Nå er det avklart at jeg blir «spinndoktor» for KrF».
– Eh, ja, du tenker å skrive det?
– Ja.»
Det heile er ein kuriositet, men for meg seier det så alt for mykje om manges syn på kva ein kan gjera for merksemd og ikkje tru det får konsekvensar.
Men det som på ingen måte er ein kuriositet er det som skjer i Helse Nord for tida.
Dei har tilsett Kim Hannisdal som ny kommunikasjonsdirektør.
Det var Avisa Nordland som først skreiv om vilkåra hans og at dei er som følgande:
1.850.000 kroner i årslønn.
12 ekstra fridagar årleg.
Dekket reise til Bodø frå hans heimstad Oslo.
Dekket opphald i form av enten hotell eller møblert leilegheit i Bodø.
Lønna er dessutan 230.000 meir enn kva hans forgjengar Skjalg Fjellheim hadde.
Stillinga vart heller ikkje lyst ut. Hannisdal fekk stillinga som eit vikariat då Fjellheim vart statssekretær i Finansdepartementet, med moglegheit for forlenging, noko han no har fått då Fjellheim har slutta i stillinga.
Men det beste av alt? Korkje Hannisdal eller Helse Nord-direktør Marit Lind ville stilla til intervju med VG om saka.
Seinare har Lind stilt opp til intervju i NRK og der seier ho: «– Vi har dessverre ikke den same tilgangen på kompetente medarbeidere i nord.»
Svært usannsynleg
Det høyrest svært usannsynleg ut. Det er utan tvil ein stor og krevjande jobb, garantert ein av dei mest krevjande kommunikasjonsjobbane i dei tre nordlegaste fylka våre, men at det ikkje er nokon som er i stand til å gjera den jobben, som anten bur der oppe, eller vil flytta opp der for å gjera den, det har eg store problem med å tru på.
Men det er berre ei side av saka.
Den andre sida av saka er at tilliten og kompetansen til norske kommunikatørar vert sett i spel. Igjen.
Heilt sidan valet i 2021 har Senterpartiet og Trygve Slagsvold Vedum hatt ein vendetta mot norske kommunikasjonsfolk, og han har boltra seg i spaltene i samband med denne saka. Og dette er ei sak det omtrent er umogleg for han å ikkje skåra poeng etter poeng i. Dette er omtrent som å sjå Luke Litler i VM i dart no med 180-poengarar i fleng. Eg trur ikkje ein lærar i Bergen eller sjukepleiar i Førde eller ein portør i Sogn klarar å forstå kvifor Hannisdal må ha desse vilkåra for å gjera jobben. Eg trur ikkje tilliten til den norske kommunikasjonsbransjen vil stiga med dette, heller tvert om.
Sakene som Nettavisens nye radarpar, Steinar Suvatne og Jørgen Gilbrandt, boltra seg med før valet, kor dei skriv om pengebruk og antal kommunikatørar i det offentlege, vil berre verta enno meir gyldige.
Det heile får bransjen til å sjå rett og slett dum ut, når slike saker kjem fram i lyset gong etter gong etter gong etter gong.
Trur reklamebransjen og kommunikasjonsbransjen verkeleg at nordmenn er så enkle og let seg lura så utruleg lett og at det bransjen gjer ikkje får konsekvensar?
Eg håpar intenst at bransjen kjenner på ei skamkjensle, men eg fryktar diverre at det ikkje er faktum. Men ver snill og motbevis meg på dette punktet.
-----------------------------------------------
Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.