– Om eg vel å lenke til noko du har lagt ut, er eg like ansvarleg for det du skriv som om eg skulle ha skrive det sjølv, skriv Camilla Aasen. Billete av folk som skålar med vinglas.
– Om eg vel å lenke til noko du har lagt ut, er eg like ansvarleg for det du skriv som om eg skulle ha skrive det sjølv, skriv Camilla Aasen.

MEININGAR:

Eg er ansvarleg for dine assosiasjonar

«Du og vinmeldaren kan fritt og uavhengig skrive kva de vil, men det kan ikkje vere synleg hos meg», skriv Camilla Aasen.

Publisert Sist oppdatert

Same kva eg puttar i eit glas eg tek bilde av, eller kva situasjon eg viser fram, er eg ansvarleg dersom det får deg til å tenke på alkohol.

Då bryt eg alkoholreklameforbodet. Enkelt sagt, er all kommunikasjon som kan nå mange, og som har som føremål å fremje interesse eller sal av alkohol ulovleg. Punktum.

Men så finst det unntak. Redaksjonell omtale, politiske ytringar, privat kommunikasjon og uavhengige ytringar er lov.

Du, uavhengige privatperson, har ytringsfridom og kan skrive kva du vil, MEN eg er ansvarleg for det du legg ut som vert synleg for andre på mi side.

Om du legg att ein kommentar der du rosar mine produkt eller skriv noko som kan tolkast som generelt alkoholpositivt, og det vert synleg for andre som kjem innom sida mi, bryt eg alkoholreklameforbodet.

Om eg vel å lenke til noko du har lagt ut, er eg like ansvarleg for det du skriv som om eg skulle ha skrive det sjølv.

Om noko alkoholhaldig eg lagar skulle få god omtale hos ein vinmeldar eller til og med vinne ein pris, har eg ikkje lov til å fortelje om det eller lenke til det, verken på SOME eller på mi eiga heimeside, for all produktspesifikk informasjon frå min kant er ulovleg.

Du og vinmeldaren kan fritt og uavhengig skrive kva de vil, men det kan ikkje vere synleg hos meg. For meg som produsent er det også unntak.

På mine eigne nettsider kan eg skrive nøkternt om mine produkt, fritt for rosande adjektiv. Eg kan ikkje ytre at noko eg har laga som inneheld alkohol er velsmakande, med mindre eg beherskar vinspråket, vel å merke.

Her, på SOME kan eg ikkje nemne eit produkt med eit ord, og langt mindre vise det fram, heller ikkje i lukka grupper. Eg kan heller ikkje vise situasjonar som kan oppfattast som alkoholpositive, som glade menneske med uidentifisert væske i vinglas. Igjen: eg er ansvarleg for dine assosiasjonar.

Det eg har lov til å gjere her på SOME er følgande:

  • Eg får lov til å ha ein profil på sosiale medium.
  • Eg har lov til å gje nøktern informasjon om bedrifta på den profilen. •
  • Eg har lov til å dele bilde av lokale, tilsette og råvarer, men eg har ikkje lov til å profilere den alkoholrelaterte delen av verksemda.
  • Eg har lov til å lenke til heimesida. •
  • Eg har lov til å fortelje nøkternt om alkoholrelaterte arrangement (smakingar mm), så lenge det ikkje vert vist bilde eller illustrasjonar av alkohol og så lenge det ikkje kjem fram namn på produkt eller produsent.
  • Vingarden på Jølst, som sals- og skjenkestad, har lov å marknadsføre sjølve staden, arrangement på staden og produktpakkar. Så lenge det er nøkternt og ikkje-produktspesifikt, sjølvsagt.
  • Eg kan svare på spørsmål om alkohol i private meldingar MEN berre der og ikkje i kommentarar som vert synlege for andre seinare.

Lista over situasjonar der eg kan komme i strid med regelverket er lang, men ein stad må punktum settast. Om eg ikkje til ei kvar tid held meg innanfor dette regelverket, kan eg få gebyr og bøter.

Det er på mine eigne heimesider eg har størst fridom til å fortelje om kva eg lagar, korleis eg lagar det, og kvar du kan finne vegen til det eg har å by på. Framover kjem eg til å legge meir informasjon der, og så håpar eg de vil spole mentalt 10–20 år tilbake og bruke nettsida mi aktivt.

———————————————-

Denne teksten blei først publisert på Vestavins facebookside.

Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS