MEININGAR:
Ris til eiga ræv for bransjen
«Trigger tapte så det song med sin klage til KOFA. Det kan dei takka seg sjølv for.», skriv nyheitsredaktør Yngve Garen Svardal, i denne kommentaren.
Tysdag kom endeleg avgjerda frå Klagenemnda for offentlege innkjøp. Dei landa på at Triggers klage på Bufdirs avgjerd om å gje ei kontrakt verdt opp mot 78 millionar kroner for kommunikasjonstenester og kampanjar til TRY Råd.
Trigger reagerte på dei låge timeprisane til konkurrenten og meinte Bufdir braut regelverket ved å ikkje undersøka det dei meiner var unormalt låge prisar i konkurransen.
TRY sin timepris er rekna til 1.146 kroner, til samanlikning la Trigger inn eit tilbod som gjev ein timepris på 1.315 kroner.
Men KOFA si vurdering av det heile er ekstremt interessant.
Deira vurdering er at TRY sitt tilbod var det nest dyraste i konkurransen og at fleire av dei andre tilboda låg tett på same nivå.
Dei meiner og at prisane låg innan det som er normalt i marknaden, det baserer dei mellom anna på erfaringar frå andre konkurransar frå den siste tida, kor prisnivået var i same sjiktet
Men det som gjer deira vurdering enno meir interessant er at KOFA-sekretariatet skriv at det er allmenn kjent at leverandørane prisar seg lågt i denne bransjen
Eller sagt på ein annan måte: Bransjen har øydelagt for seg sjølv, ved å prisa seg so lågt at det offentlege forventar låge prisar. Om dei er beredyktige legg ikkje dei seg opp i.
Hensikta med anbod er å spara samfunnet, altså du som les dette, dine kollegaer og din familie, for pengar ved at fleire aktørar kjempar om oppdraga. Og so lenge pris er så høgt vekta som det ofte er, så kjem den som prisar seg lågast ofte veldig godt ut av det.
Men i kommunikasjonsbransjen får dette ofte litt følgeskadar. Det er ein bransje med i utgangspunktet korte horisontar og usikker økonomi, dermed prisar ein seg lågt berre for å sikra seg omsetning og å halda folk i arbeid. Ein konsekvens av det er at dei offentlege oppdragsgjevarane venner seg til eit lågt prisnivå frå denne bransjen.
Timeprisdiskusjonen har vart i årevis i reklamebransjen. Hausten 2022 skrev KOM24 ei sak som viste at timeprisane hadde auka med 178 kroner på 20 år.
Da låg snittprisen i bransjen på 1.377 kroner i timen, men burde ha vore 1.950 kroner dersom den hadde følgt konsumprisindeksen.
Nesten fire år seinare er bildet uforandra. Alt i samfunnet er blitt dyrare, og timeprisen skulle i dag vore på 2.182 kroner, basert på prisveksten. Men realitetane er langt derfrå.
Leo Publicis vant nyleg et anbod med Munch med ein timepris på 1.130 kroner, og høgste pris i konkurransen var på 1.680 kroner.
Og det er ikkje slik at dette er unnataka. I konkurranse etter konkurranse er det dokumentert låge prisar. Nokre byrå verkar å ha gjort det til vane å ligga på under tusenlappen i timepris, dåverande Apriil-topp Vibeke Johannessen sa til Kampanje for nokre år sidan at det gjorde vondt å legga seg på det prisnivået, likevel gjorde dei det.
Då Norsk helsenett leita etter nytt byrå låg dei fire billigaste byråa på ein pris mellom 1106 og 1166 kroner. Kamphanane TRY Råd og Trigger meinte dei trong høvesvis 1150 og 1106 kroner timen for den jobben. Då var det PR-byråa som prisa seg høgast, Zynk var aller dyrast og ville ha 2000 kroner timen for jobben og fekk dårlegast skår.
Så det er ikkje slik at Trigger kan heva fana høgt og seia at dei hevar prisnivået. I alle fall ikkje i desse omtala døma.
Og dette er berre nokre dømer som stadfestar KOFA-sekretariatets påstand om at det faktisk er dette som er prisnivået i bransjen.
Men tener bransjen pengar på desse summane?
Nei, seier bransjen sjølv.
Kenneth Pedersen, som er gründer og CEO i ANTI skreiv i vinter eit lesarinnlegg i KOM24 der han presenterte eit reknestykke.
Der skreiv han at ein erfaren rådgjevar i bransjen fort har ei årsløn på 1,2 millionar kroner. Legg ein så på 40 prosent i sosiale kostnader og overhead, arbeidsgivaravgift, pensjon, forsikringar, feriepengar, kontorplass, utstyr og administrasjon, so meiner han den reelle kostnaden nærmar seg 1,7 millionar kroner i året.
Han rekna vidare og sa at med 1350 fakturerbare timar i løpet av eit år, betyr det at byrået må henta inn 1245 kroner i timen, berre for å gå i null. Liknande reknestykke har andre bransjetoppar gjeve KOM24.
Då er det klart at ein timepris på 1150 kroner ikkje ser bra ut.
Med det same reknestykket betyr det at ein timepris på 1150 kroner gjev eit årleg underskot på nærare 150 000 kroner per tilsett til den løna.
For kontekst so seier Teft sin bransjerapport at i reklamebyrå er snittlønna no på nærmare 850 000 kroner for dei på golvet og rett under 1,2 millionar kroner for leiarane. Den same rapporten seier og at lønnsveksten i fjor var på magre to prosent i reklamebransjen.
Ein kan alltids argumentera for at det berre er til å la vera å vera med i offentlege anbod og fokusera på private oppdragsgjevarar. Nokre gjer det alt, men andre er med for dei må, andre for nokre av oppdraga er så spanande og andre for at summane er så store i anboda.
Andre er med, berre for å halda seg i loopen, då det offentlege krev ei viss erfaring frå offentlege oppdrag dei siste åra, før du er aktuell for å vera med i konkurransar.
Men det er berre ei av utfordringane her.
Bransjen må ta eit oppgjer med seg sjølv snart. Kan dei driva på å og underby kvarandre vidare? Det er vanskeleg å sjå at det vert mange vinnarar skal ein halda fram slik
Diskusjonen om timeprisar har ikkje flytta seg ein meter dei siste åra. Det er gjort nokre forsøk på å ta tak i problemstillinga, seinast i regi av Kreativt Forum i vår, men det er avgrensa kva ein organisasjon som dei får til, med sin særs avgrensa politiske påvirkningskraft og ikkje minst kor ømtolig temaet er. Ein har ikkje råd til å verta skulda for prissamarbeid heller.
Det er openbert at systemet med offentlege anbod ikkje fungerer på reklame og kommunikasjonsfronten. Ein ting er når ein skal bygga vegar og kravet er lågaste timepris, der har det noko for seg. Men reklame- og kommunikasjonsoppdrag krev annan kompetanse og andre verkemiddel, då kan ikkje pris vera avgjerande.
At eit byrå som Dinamo kan komma på sjuandeplass i Munchanbodet, etter å ha fått null poeng i eit av krava, berre for dei leverte so låg timepris, er eit teikn på kor feil noko er.
Men so lenge pris er so avgjerande, og so lenge det alltid er eit byrå ein plass som går dårleg og berre må sikra seg noko omsetjing, er det vanskeleg å sjå at prisane vil byrja å stiga, før bransjen faktisk får trua på seg sjølv og det dei leverer og byrjar å ta seg betalt det dei faktisk er verdt og ikkje står med hua i handa for å ta til takke med oppdraga.
Dette skjer ikkje over natta. Men det må byrja no!
———————————————-
Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.