Dei gigantiske reklame-plakatane til Pepsi fekk beboerane på St.Hanshaugen til å sjå raudt.
Dei gigantiske reklame-plakatane til Pepsi fekk beboerane på St.Hanshaugen til å sjå raudt.

MEININGAR:

Å ta ein sjanse på vegner av ein heil bransje

«Pepsi kom, blei sett og tok ned. Ved å utfordra det norske lovverket slik, risikerer dei at politikarane strammar til», skriv Yngve Garen Svardal.

Publisert

Denne veka omtala KOM24 reklamestuntet som Ringnes står bak for Pepsi

Folk på St. Hanshaugen i Oslo vakna opp til digre reklamekampanjar klistra oppetter husveggane.

Bannera som er ei del av ein global konseptfornying av Pepsi skal vera synleg på ti ulike bygg og flater i to veker. Bilete viser at bannera er på sju etasjar.

Det kom kjapt fram frå Bymiljøetaten at dei ikkje hadde fått nokon søknad om dette og at dette var ulovleg, sjølv om kommunikasjonssjef i Ringnes, Nicolay Bruusgard (!!), sa til KOM24 at det var innhenta tillating frå huseigar. 

Torsdag stadfestar Ocean Outdoor Norway-topp Stig Kjos at det ikkje er søkt om lov og kallar det heile for eit reklamestunt. 

Han skriv og i ein SMS til KOM24 at han meiner at Noreg er restriktive når det kjem til utandørsreklame samanlikna med andre storbyar i Europa og verda og at dei som aktør vil testa nye format og plasseringar for å få svar. 

Dei har fått eit tydleg svar frå innbyggarane i nærområdet som på Facebook-grupper skriv at dei føler seg invadert. 

Fredag enda det med at bannera på St. Hanshaugen vart taken ned – to veker før dei eigentleg skulle. 

Det seier kanskje mykje om kor vellukka dette stuntet var?

All PR er god PR?

Det er prisverdig å prøva nye ting og ein må heile tida testa kva som fungerer. Og det er klart at både Pepsi og Ringnes har fått masse omtale som følge av stuntet. All omtale er vel god omtale?

Det er det gode grunnar til å stilla spørjeteikn ved. 

Reklamebransjen har store utfordringar for tida. I 2023 forsvann det ein halv milliard reklamekroner frå mediebyrå. Og sjølv om utandørsreklame hadde ein samla vekst i 2023 på 7,9 prosent, noko som utgjer 52 millionar kroner, starta bransjen med ein omsetningsnedgang på sju prosent i årets fyrste to månader. Det viser tal frå Mediebyråforeininga. 

Reklametrøttheit er noko bransjen snakkar masse om. Det er vanskelegare og vanskelegare å nå gjennom med bodskapen sin. Folk, særleg i dei store byane, vert bombardert med reklamebodskapar omtrent uansett kor ein snur seg.

Om ein då får folk med seg på eit stunt, som for mange kan opplevast som visuell forsøpling av byrom, er den rette vegen å gå for å utfordra og få til endringar kan diskuterast. 

Og om Kjos tykkjer det er restriktivt i Oslo, skulle han ha høyrd om ein by i vest som heiter Bergen.

Sjå til Bergen

Der har politikarane i fleire omgangar sagt nei til byreklame. Mellom anna i 2005 då Clear Channel ville ha einerett på reklame i byrommet i 15 år mot å finansiera nokre offentlege toalett. 

Då var det noverande seniorrådgjevar i Rud Pedersen, Anne-Grete Strøm-Erichsen, som då var byrådsleiar i Bergen som hadde tatt initiativ til avtalen, men fleirtalet i Bergen bystyre sa den gongen nei.

Ti år seinare var det JC Decaux som prøvde seg med å ha reklame på bussar og Bybane og dessutan reklamefinansiera investering, drift og vedlikehald av bysyklar, informasjonssøyler, toalett og byromsmøblar. 

Avtalen som var verdt 49 millionar kroner over sju år, men det nye politiske fleirtalet som tok over i fylket i 2015 sa nei til avtalen.

Så om Kjos og co. vil utfordra dagens regelverk, er det vel og bra. 

Men utfordrar han for mykje risikerer han at politikarane strammar til. Då har både han og ein heil bransje tapt. 

———————————————-

Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS