Det var fleire demonstrasjonar og markeringar i Cannes. Greenpeace ynskjer eit forbod for reklame for mellom anna olje, gass og drivstoff.

Kvifor er de så tause, norsk reklamebransje?

«Har norsk reklamebransje eit ansvar utover å sikra seg sjølv og inntektene sine?», spør Yngve Garen Svardal.

Publisert Sist oppdatert

Cannes førre veka kokte. Det var både for di at reklamefolk frå heile verda var samla for fyrste gong sidan 2019, men og for det var så uvanleg varmt. Heile det sørlege Europa er råka av ei heitebølgje og ein har ser temperaturar ein normalt sett ikkje opplever før i juli og august her nede.

Og blant deltakarane kokte det. Det var prisutdelingar kvar dag og på måndagens prisutdeling storma eit byrå scena og leverte tilbake ei gull-løve dei vann tilbake i 2007 for ein reklame for bilfabrikanten Volkswagen.

Torsdag tok Greenpeace seg opp på taket på palasset der det meste skjer i Cannes reklamefilmfestival og hadde ei markering der dei oppmoda til eit forbod for reklame som for olje og gass, drivstoff og andre tilstøytande ting. #banfossilads er emneknaggen deira. Dei krasja og strandfesten til reklamegiganten WPP som har kundar som BP, Chevron, Esso og Shell på kundelista.

Men kva gjer eigentleg norsk reklamebransje?

KOM24 kontakta fleire av dei største aktørane i Noreg torsdag morgon. Me spurte dei korleis dei stilte seg til eit slikt forbod, om dei har interne reglar som gjer at dei ikkje tek på seg oppdrag for kundar som forureinar eller på andre måtar bidreg til global oppvarming. Me spurte om reklamebransjen har eit ansvar for å stoppa klimakrisa og om kva deira byrå gjer for å bidra til det.

Cannes Lions starta med eit smell då Gustav Martner storma scena og leverte tilbake ei gullløve han vann i 2007.

Men tilbakemeldingane var meir stille enn i grava.

Bransjefolk som normalt sett er svært raske med å ta kontakt om byrået har hatt eit godt år og tener pengar, får seg nye spanande kundar, tilset nye kreatørar, vinn prisar eller andre positive ting, vil på ingen måte uttala seg.

Kvifor ikkje?

Ein bransjetopp KOM24 snakka med sa at det var totalt uaktuelt å uttala seg om noko som helst om denne problematikken og at det kom ingen andre til å gjera heller. Vedkomande peika på at dei mellom anna har føringar frå nokre av kundane om å ikkje uttala seg.

Ein annan aktør skriv i ein e-post til KOM24 at «Me etterstrebar å jobba med kundar som kvar på sin måte er verdiskapande og har eit langsiktig perspektiv, utan at vi set enkelte bransjar i båsar. Ingenting er svart-kvitt, så kvar kunde og kvart case vert alltid vurdert individuelt.»

Akkurat kva det betyr er eg ikkje heilt sikker på.

Det er lett å skjøna tausheita frå eit økonomisk standpunkt. I olje og gassnasjonen Noreg er det mykje pengar i spel å sikra seg reklamekontraktane for dei største aktørane, store kontraktar betyr føreseielegheit for byrå og tilsette, det betyr prestisje, moglegheiter og ein kan verta meir attraktiv for dei største talenta. Som igjen kan føra til at ein kanskje får heider og ære i konkurransar som Cannes Lions eller vår meir lokale variant, Gullblyanten.

Men har norsk reklamebransje eit ansvar utover å sikra seg sjølv og inntektene sine?

Ja, meiner eg. Som ein klok person sa det før meg, alt heng saman med alt.

Temperaturen på jorda stig. Det fører til meir styrtregn på Austlandet, det fører til tørrare somrar, meir ras på Vestlandet, ute i verda gjer det at havnivåa stig og folk må flytta på seg for plassar der dei har budd i årevis ikkje lenger er moglege å bu på. FNs siste klimarapport seier endringane må skje no. Då må nokon ta ansvar.

Då må nokon ein gong setja foten ned og seia at ja, pengane dykkar er digge, men dette kan me ikkje stå inne for. Det betyr og at norsk reklamebransje må sørga for at ein ikkje gjer skitne aktørar grønare enn dei er.

Men det krev at dei einskilde byråa seg ned og tenkjer over om dei faktisk kan stå inne for å jobba med denne kunden. Til no er det vel berre Footprint som har vore heilt opne og tydelege rundt dette.

Eg skjønar at pengar er viktig, men kan ein la å ta eit standpunkt og å stå inne for noko i 2022?

Som Helle Hoås sa til KOM24 for nokre veker sidan: – Vi som fortel historier har og et moralsk ansvar for å bidra til at det grøne skiftet skjer.

Kanskje har ho eit poeng?

———————————————-

Dette er et meningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS