– Når dei gjer dette i lysing der dei markedsfører seg sjølv som ein kunnskapsinstitusjon er det flaut for dei, seier Åse Wetås i Språkrådet.

Språkblemme av NTNU: - Når dei gjer dette i ei lysing der dei markedsfører seg sjølv som ein kunnskapsinstitusjon er dette flaut for dei

– Dette er pinleg innrømmer universitetet sjølv.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– NTNU er Norges største universitet og dei har eit stort ansvar for norsk språk, noko som kjem til uttrykk i den nye språklova og Universitets og høgskulelova. Dei har og eit særleg ansvar for nynorsk som det minste av dei to norske skriftspråka, for å styrka statusen og bruka det. Med denne typen stillingsannonser så gjer dei det stikk motsette, seier leiar i Språkrådet, Åse Wetås, til KOM24.

– NTNU del av eit mønster

Torsdag kveld kommenterte ho på eit bilete på Twitter kor ho reagerte på ei stillingsutlysing frå Det humanistiske fakultetet ved NTNU. Dei jaktar nemleg på ein kommunikasjonsrådgjevar og det vert stilt som krav at vedkomande er god i både norsk bokmål og norsk sidemål.

– Det er ingen av språka våre som heiter sidemål, me har nynorsk og bokmål, peikar Wetås på.

Ho seier at ho reknar med det er institusjonen NTNU som snakkar i lysinga frå utdanningsinstitusjonen.

Wetås seier at det er symptomatisk at dette skjer med det av dei to norske skriftspråka som er under størst press.

– Om det var sånn at desse blemmene var likeleg fordelte kunne ein sagt at dette var eit hendeleg uhell. Men når det systematisk er slik at det er nynorsk, som er det minste og mest utsette språket, føyer det seg inn i eit mønster som NTNU berre er ein del av, seier ho og meinar at det er så lett å vera fleirtalsspråkbrukar og bagatellisera dette.

– Flaut for NTNU

– NTNU burde legga seg ekstra i selen for å ikkje sementera dei fordommane som er om nynorsk. Dei burde vore ekstra merksame på det, seier ho.

Ho seier ho reknar med dei rettar dette opp og at dei endrar rutinene sine så dette ikkje skjer igjen.

– Når dei gjer dette i ei lysing der dei markedsfører seg sjølv som ein kunnskapsinstitusjon er det flaut for dei, meiner ho.

Wetås meiner det botnar i manglande merksemd på kva plikter institusjonen har for det norske språket og lurar på kvar det vart av korrekturen.

– Eg reknar med det er fleire ledd mellom det som kan vera eit hendeleg uhell i ein kladdefase til det vert publisert som ein offentleg tekst, seier ho.

Administrasjonssjef ved Det humanistiske fakultet, John Kvamsvåg, seier til KOM24 at han legg seg heilt flat etter denne språktabben.

– Dette kom heilt feil ut, denne setninga skulle aldri ha vore med. Den er jo heilt håplaus og meiningslaus, her har det vore for dårleg kvalitetssikring, seier Kvamsvåg.

– Ekstra pinleg for oss

Han seier setninga som vart publisert henta dei frå ein gammal kladd til ei lysing dei hadde frå før av. Men korleis den vart publisert, klarar han ikkje å skjøna.

– Før den vart publisert har den vore innom ganske mange organ, men dei ser oftast berre på sine spesifikke ting, seier han.

Han seier dei må bruka meir tid på tekstane før dei vert publisert.

– Har ikkje det som ein utdanningsinstitusjon eit ekstra ansvar?

– Jojo, heilt klart. Ikkje minst me på vårt fakultet, der det vert forska på og undervist i språk. Det er ekstra pinleg for oss, seier han.

Han seier teksten vart endra berre nokre timar etter tabben vart oppdaga.

Og kva står det i teksten no, undrar du deg kanskje over?

«Gode kommunikasjonsevner, både muntlig og på nynorsk, bokmål og engelsk»

Powered by Labrador CMS