Siri Kleiven Strøm har for fyrste gong tatt heilt fri denne jola.
Siri Kleiven Strøm har for fyrste gong tatt heilt fri denne jola.

Får Siri sjansen vil ho sjå ting ho har sett hundre gonger før i jola

Men normalt sett er det ho ser på ikkje noko ho vil anbefala til andre vaksne.

Publisert

KOM24 har stilt sju spørsmål til ei rekkje folk som jobbar med kommunikasjon og markedsføring om året som har gått, og kva dei gjer denne jola.

I dag er det kommunikasjonsrådgjevar ved Universitetet i Bergen, Siri Kleiven Strøm, som svarar i julepraten.

– Kva gjer du i jola?

– I jula tar eg heilt fri for første gang på mange, mange år. Familien på fire pakkar alle våre varmaste klede og reiser nordover, frå Bergen til Bodø til svigerfamilien og blir nesten heilt til 2024. Me håpar på snø og stabile kuldegrader og at pinnekjøttet smakar like godt som her vest.

– Kva står på middagsbordet på joleaftan?

– Når me feirer her på Vestlandet er det pinnekjøtt. Og berre pinnekjøtt. Det står tilbehør på bordet, men det er mest for syns skuld. Det kan vera dei er meir siviliserte nordpå. Det er første gang eg feirer der, men dei har lova pinnekjøt på afta. Utover det bryr eg meg ikkje om kva dei andre vel å ta på tallerkenen.

– Kva vil du anbefala andre å lytta til/smaka på/lesa/sjå eller høyra denne jola?

– Som mor til to på 1 og 4 er mesteparten av det eg ser på og lyttar til, ikkje noko eg vil anbefale andre vaksne. 

Får eg sjansen, likar eg best i jula å sjå ting eg har sett hundre gangar før og julemusikken skal helst vere av det melankolske slaget. Så har eg, kanskje ikkje overraskande, ofte Nyhetskanalen på som uhelbredeleg nyheitsavhengig. 

Skal eg anbefale noko frå mi nye verd, så kan du ta ein julepause med podcasten Popviten som du kan finne overalt der du leiter etter podcast.

– Kva er det mest morosame du har opplevd dette året?

– Det er vanskeleg å velje. I 2023 har veldig mykje endra seg for meg personleg. Eg trur det er vanskeleg å finne nokon som vil omtale jobbyte som utelukkande «morsomt». Det var eit stort val å forlate TV2, men å komme til UiB har vore veldig gøy. Eg har verkeleg fått boltre meg i det aller mest spennande UiB held på med. Utover det, er det ganske «morsomt» når små barn lærer seg å sove.

– Kva skal du bli betre på til neste år?

– Heilt sikkert veldig mykje. I alle fall håpar eg det.

– Kva er din spådom for kommunikasjonsbransjen i 2024?

– Med seks månader fartstid, føler eg meg kanskje for ung til å spå så mykje. Det har heilt sikkert noko med KI å gjere.

– Kva er ditt nyttårsforsett?

– Sånt driv eg ikkje med. Fortsatt god balanse mellom livets gaver og plikter – kan eg svare det?

Powered by Labrador CMS