Karina Torbett er den nye kommunikasjonsrådgivaren i Møre og Romsdal politidistrikt.

Ny kommunikasjons­rådgivar i Møre og Romsdal politidistrikt

Karina Torbett tiltredde stillinga som kommunikasjonsrådgivar i politidistriktet i august 2023.

Publisert Sist oppdatert

Det kjem fram i ei pressemelding. 

Torbett kjem frå ei stilling som innhaldsrådgivar og tekstforfattar i ålesundsbyrået Peil, som er ei samanslåing av byråa ELLE mELLE og BMERK. 

Før dette var ho innhaldsprodusent i det digitale reklamebyrået Sorentio.

– Torbett skal blant anna jobbe med intern og ekstern kommunikasjon og pressehandtering, seier kommunikasjonsdirektør i Møre og Romsdal politidistrikt, Iselin Nevstad Øvrelid.

Ho skal ha eit særleg ansvar for å produsere forebyggande innhald til politiets Nettpatrulje Møre og Romsdal.

– Eg ser dette som ei fantastisk moglegheit for å gjere viktig og meiningsfullt kommunikasjonsarbeid i ein utruleg spennande organisasjon, seier Karina Torbett.

– Eg gler meg spesielt til å kunne nytte erfaringa frå byråverda til å skape innhald som er forståeleg og engasjerande for innbyggjarane i distriktet, legg ho til.

Powered by Labrador CMS