Med bakgrunn frå kommunikasjon, redaksjonelt arbeid, tekstformidling og strategisk posisjonering passar rolla som tekstforfattar godt for Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Tekststrateg har funne vegen til Peil

Peil er den råe kombinasjonen av kreativitet og strategi eg ønskjer i kvardagen min, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Publisert Sist oppdatert

I over 10 år har Per Magnus Finnanger Sandsmark skrive tekstar for å treffe hjartet og hovudet til ulike målgrupper, og posisjonere merkevarer og organisasjonar der dei skal vere. No skal han gjere det på heiltid som tekstforfattar i Peil.

Peil leverer strategi, kreativitet og design for merkevarer og organisasjonar i dei fleste bransjar.

– Eg er glad for å kome til eit byrå med store ambisjonar og trivelege, fantasirike og målretta kollegaer i Ålesund. Peil er den råe kombinasjonen av kreativitet og strategi eg ønskjer i kvardagen min, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark i ei pressemelding. 

Med bakgrunn frå kommunikasjon, redaksjonelt arbeid, tekstformidling og strategisk posisjonering passar rolla som tekstforfattar godt for Per Magnus. Han skriv like godt og trygt på både engelsk, nynorsk og bokmål. 

– Det er gull for oss å styrkje laget med ein som kan tekst, er vant til å tenkje strategisk og som samarbeider med folk frå mange forskjellige bransjar. Per Magnus har allereie glidd godt inn i gjengen i Apotekergata i Ålesund, fortel Kristin Bjånes, byråleiar i Peil.

Elskar tekst, strategi og tverrfagleg samarbeid

Per Magnus har vore museumsdirektør, politisk rådgivar innan både transport- og skulepolitikk og vikarprest ei jul på oljeplattform. 

Han har alltid kjent at det boblar mest når han arbeider i skjeringspunktet mellom tekst og strategi. Då er det ikkje rart at leksikonredaktør, poesiformidlar og kommunikasjonsrådgivar har vore titlar på CV-en.

– Det kjekkaste i yrkeslivet har vore å bli kjend med nye fagfelt og fagfolk. Eg har arbeidd med så ulike tema som funksjonsnedsettingar, litteratur og transportpolitikk tidlegare. No får eg arbeide med mange ulike bransjar og tema kvar dag. Eg ser fram til å kome tettare på næringslivet i Møre og Romsdal og landet elles, seier Per Magnus.

Sidan Per Magnus flytta til Sunnmøre romjula 2017 har han vorte kjend i skogar, fjell og beitemark som ivrig friluftsmenneske og sopplukkar. Han pendlar frå Ørsta til Ålesund i den nye stillinga.

– Peil vil hjelpe merkevarer med å erobre byar, land, verda og hjarte. Då er det ei styrkje for oss at gjengen bur og kjenner små og store miljø og stader, avsluttar Kristin.

Powered by Labrador CMS