– Det er vel mange kommunikasjonsrådgjevarar som gjerne skulle ha vore utan ein del rapportering. Det tek mykje tid, og går ofte på kostnad av å vere synlege i media.

#Minjobb

– Når eg klarer å få direktøren vår på nyheitene på TV for å få ut bodskapet vårt, då blir det ein veldig god dag på jobben

Helena Sæters spesialområde er å jobbe med synlegheit i dei eksterne media.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Med spalta #MinJobb ynskjer KOM24 å få kommunikasjonsfolk til å snakka om jobben sin, kva som inspirerer dei i arbeidet, kva utfordringer som er i bransjen - og kva som er god kommunikasjon.

I dag er det Helena Sæter, seniorrådgjevar i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, HK-dir, som svarar.

– Kva er tittelen din – og kva går jobben din ut på?

– Eg er seniorrådgjevar kommunikasjon i det nye Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, HK-dir som blei etablert i 2021. Eg jobba inntil nyleg i Kompetanse Noreg som no er ein del av dette nye stor-direktoratet.

Mitt spesialområde er å jobbe med synlegheit i dei eksterne media. Eg er også ansvarleg for medieovervåkinga vår, og det er viktig å heile tida vere godt orientert slik at vi kan hoppe på moglegheiter som kan dukke opp i dagens mediebilete.

Rådgjeving opp mot leiarar og tilsette, for å gje dei tips og råd til mediesaker der vi har moglegheiter til å vere synlege, er ein viktig del av mine arbeidsoppgåver. Eg jobbar også tett med mange av fagavdelingane våre for å svare på førespurnadar som kjem inn frå journalistar.

Elles er eg ofte med på å utvikle av pressemeldingar, nyheitssaker og nettsaker. Desse er ofte er basert på rapportar, analysearbeid eller anna underlag frå dei dyktige fagavdelingane våre. Eg trivs i det heile teke veldig godt i skjeringspunktet mellom fagfolk, forsking, fakta og å formidle dette til journalistar og folk flest på ein god og forståeleg måte.

– Kva likar du best med jobben din?

– Eg likar at det skjer litt på jobb, og at det er litt puls. Ofte er dei dagane som blei heilt forskjellige frå det du hadde planlagt dei mest spennande på jobben, når det kjem inn masse mediehenvendingar slik at ein berre må hive seg rundt.

Det proaktive mediearbeidet er noko eg trivs svært godt med, og det er svært tilfredsstillande å klare å selje inn saker til ulike medium.

Når eg klarer å få direktøren vår på nyheitene på TV for å få ut bodskapet vårt, eller når eg får dei flinke karriererettleiararane på i Aftenposten, då blir det ein veldig god dag på jobben.

– Kva arbeidsoppgåver likar du minst?

Det er vel mange kommunikasjonsrådgjevarar som gjerne skulle ha vore utan ein del rapportering. Det tek mykje tid, og går ofte på kostnad av å vere synlege i media. Men samstundes kan det vere veldig naudsynt.

– Kvifor ville du jobba med kommunikasjon?

Eg blir veldig motivert av å jobbe med kommunikasjon opp mot viktige samfunnsoppdrag som utgjer ein skilnad for folk i landet vårt. Det har vore viktig for meg både som kommunikasjonsrådgjevar i byrå, og særleg etter at eg begynte i staten.

Kommunikasjon kring Nødnett, samfunnstryggleik og trafikktryggleik har vore veldig gjevande.

Dei siste åra har eg jobba med å få ut bodskap kring kompetanse, utdanning og livslang læring. Det å ha ein kompetent arbeidsstyrke som kan møte kompetansebehova i arbeidslivet i framtida, og å inspirere befolkninga vår til å heile tida drive på med kompetansepåfyll slik at vi kan sikre velferdsstaten vår – få ting er viktigare enn det i mine auge.

– Kven inspirerer deg i kommunikasjonssektoren?

– Her har eg lyst til å skryte av mine eigne kollegaer. Dei siste månadane har dei drive med samanslåing til nytt direktoratet og ei stor omstilling midt i ein pandemi. Mykje av det viktige arbeidet blei gjort midt i dei verste periodane med lockdown. Nye nettsider, nytt intranett, kanalstrategiar er berre noko av det som kom på plass i rekordfart. Heile vegen har vi hatt brukargruppene i fokus for alt arbeidet vi gjer, og business as usual.

– Kva gjorde deg sist imponert i kommunikasjonsfaget?

Raymond Johansen er rett nok ingen kommunikatør, men definitivt ein person med særs gode kommunikative eigenskapar. Dette blei veldig tydeleg då pandemien herja som verst og mange tøffe bodskap måtte ut til oss Oslo-borgarar. Dei siste to åra har nesten alle nyheiter og mediesaker handla om korona. Difor ynskjer eg å skryte av organisasjonane som jobbar for å skape medvit kring kvinner si helse og sjukdomar som i størst grad rammar kvinner. Eg er veldig imponert over korleis dei har klart å kome gjennom i media med sine viktige saker i denne spesielle tida. Endometrioseforeningen, ME-foreininga, Norsk lymfødem- og lipødemforbund og Sanitetskvinnene er berre nokre av dei som gjer ein stor innsats for å setje eit viktig og naudsynt fokus på kvinnehelseforsking. Mitt håp er at denne forskinga vil gjere det mogleg for kvinner med kroniske sjukdomar å delta i arbeidslivet i større grad enn det som er mogleg for dei i dag.

– Kva er god kommunikasjon?

– Å halde bodskapet enkelt og lett å forstå er min kjepphest som kommunikasjonsrådgjevar.

Når nokon tek kontakt og har blitt inspirert til å gjere endringar på utdanning og karriere etter å ha lest ein sak om oss i media, då er dette eit døme på god kommunikasjon som gjekk heim i målgruppa. Det er veldig gjevande både for meg og kollegaene mine.

– Kva meiner du er den største utfordringa for din bransje framover?

– Sett frå mitt synspunkt er det å stå fram med truverd i kampen mot falske nyheiter.

Vi som er kommunikatørar i offentleg sektor kjempar på mange måtar mot dei same kreftene som dei tradisjonelle media på dette området. Difor er det heilt essensielt å vere relevante og truverdige når vi kommuniserer med brukarar og innbyggjarar, og møte dei med fakta og forsking slik at dei framleis vil høyre på styremaktene i spørsmål om anten det handlar om helse, arbeidsliv eller trafikktryggleik.

Powered by Labrador CMS