Social Media Days har eksistert sidan 2011 og er langt frå det einaste store eventet som skjer det neste halve året. Men så lenge det er dei samme folka som gjerne går igjen og seier dei samme tinga, treng me eigentleg så mange events i Oslo?

MENINGER:

Det er gode pengar å tena på events – men då må innhaldet verta betre

«Det er ikkje berekraftig å ha så dyre events med dei same folka som går igjen og seier dei same tinga», skriv Yngve Garen Svardal.

Publisert

Denne veka vert Social Media Days arrangert i Oslo.

Konferansen er eit høgdepunkt for svært mange som jobbar med sosiale medium i Noreg og folk kjem frå både Bergen og Stavanger for å vera med på todagarskonferansen både for å suga til seg ny kunnskap og for å helsa på gamle kjende i bransjen.

Årets konferanse fekk ein tung start med ein konkurs i vinter, nye eigarar som kom inn og intern krangling blant dei nye eigarane.

Konferansen har eksistert sidan 2011 og betyr mykje for mange.

KOM24 var sjølvsagt på plass og dekka tett det faglege som kom fram på scena.

Men det er ikkje akkurat gratis å vera med for deltakarane.

Ein ordinær billett kostar 6500 kroner. Pluss meirverdiavgift.

Det betyr over 8000 kroner.

Kva får du for det?

Du får kjente sosiale medium menneske som fortel deg om jobben dei gjer.

Du får høyra Snapchat og Facebook komma med reine reklame-innlegg om seg sjølve. Du får høyra aktørar som Elg snakka om TikTok, noko dei dessutan skal gjera på event for både Kampanje og KOM24 seinare i haust, du får høyra Vebjørn Søndersrød som og skal snakka på andre events i haust.

Og dei eventa er heller ikkje gratis. Langt der ifrå.

Men når du betalar over 8000 kroner med meirverdiavgifta så får ein vel herskapleg mat? Nei, du gjer ikkje det. Du får bagett eller vegansk salat i papp-boks til lunsj. Det er og noko minglemat elles, men ikkje mat som står i stil til prislappen.

Det er ikkje gratis å arrangera konferanse, både lokal-leige, produksjon og mat kostar pengar og samstundes var tida til førebuingar kortare enn normalt.

Men likevel, her er det forbetringspotensial.

Det er lett å ta Social Media Days her, men dei er ikkje syndaren. Dei er både offer for ein konkurs i vinter og kortare tid til å setja saman ein konferanse, men dei er og eit symptom.

For no skal alle ha events. Alle har sett at her er det eit stort intektspotensiale, mange har skjønt at fancy produksjon kan vera kult.

Men kva med innhaldet?

Det ein bransje som tek store summar for å setja opp konferansar med ofte dei same personane som snakkar om dei same tinga, som svært ofte kjem med veldig lite spanande ting frå scena.

For å bruka eit ord som er svært populært å bruka for tida, det er svært lite berekraftig på sikt.

Events er kjekt! Det må ein fortsetja å arrangera. Det er krydder i kvardagen, det er eit pusterom der ein skal få inspirasjon og ein dag eller to vekke frå hamsterhjulet som arbeidskvardagen er.

Men om ein skal heile tida høyra dei same folka snakka om dei same tinga vert det svært vanskeleg å rettferdiggjera det i det lange løp.

Social Media Days sa til KOM24 i førre veka at «fleire av tilbakemeldingene har vore at folk synest noe innhald kan bli for likt en salgspresentasjon. Derfor har vi lagt vekt på dette i samtaler med årets foredragsholdere, at man tydelig styrer unna dette.»

Det er svært bra at arrangørane av Social Media Days er merksame på problemstillinga og det må det nesten forventast at andre arrangørar av event i kommunikasjons og marknadsføringsbransjen er framover.

For å sitera ei kvinne i salen på Social Media Days i år: «Dei som står der er flinke til å reklamera for seg sjølv og kor flinke dei er»

For me vil jo læra noko når me er der, me vil høyra nye røyster som inspirerer, som seier det heilt uventa og som gjev oss ei a-ha-oppleving og ikkje gå i ein evig-varande loop.

Det har me korkje tid eller råd til.

———————————————-

Dette er et meningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS