Monica Bjermeland skal byrja i ei stilling ved UiO frå hausten av.

– Eg håpar at forskings­kommunikatørar vil ta eit tydelegare og meir aktivt etisk ansvar i framtida

– Ein perfekt start i ein ny jobb, spør du meg!

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Årsaka til at eg søkte meg til UV-fakultetet er at fakultetet både har sterke forskingsmiljø og eit ambisiøst kommunikasjonsteam.

Det seier Monica Bjermeland. Ho går no frå ei stilling som kommunikasjonsleiar ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) til å skulle jobba med forskingskommunikasjon ved Det utdanningsvitenskapelige fakultet (UV-fakultetet) ved Universitetet i Oslo. Ho byrja i stillinga denne veka.

– Vekkjer sterke kjensler

Der vert ein viktig del av stillinga hennar å vera redaksjonsmedlem og programleiar for fakultetets podcast «Læring» der ein forskar møter ein praktikar til samtale.

–Fakultetet er i ferd med å legge siste hand på ny kommunikasjonsstrategi, så eg får ta del i sluttføring og implementering av denne, ein perfekt start i ein ny jobb, spør du meg!, seier ho til KOM24.

I all hovudsak vil arbeidet handla om å bidra til å styrka fakultetets rolle som samfunnsaktør og å støtta kommunikasjonsrådgjevarar og forskarar ved dei ulike institutta og sentra ved fakultetet i å skapa blest om ny kunnskap i relevante miljø; for studentar, journalistar, andre forskarar, politikarar, foreldre og, aller viktigast, praktiserande pedagogar.

Bjermeland er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda og har ein master i engelskspråkleg litteratur frå Universitetet i Oslo, UiO. Dei siste tjue åra har ho arbeidd om lag halve tida som journalist og halve som kommunikasjonsrådgjevar, i begge fall med fagformidling. Ho har og gjeve ut ein roman.

Ho kallar dei tre åra ved HL-senteret på Bygdøy for veldig meiningsfulle og lærerike. Ho kom dit frå ei stilling ved CICERO Senter for klimaforsking.

– Ein fellesnemnar for kommunikasjonsarbeid kring tema som klimakrise, rasisme, antisemittisme og folkemord, er at dei vekkjer sterke kjensler og lett skaper polariserte debattar. Eit viktig spørsmål for ein kommunikatør i slike potente landskap blir: Korleis skal vi kommunisere så sant som mogleg utan å skape kjensler, til dømes frykt, som veks seg så sterke at dei skaper apati og i verste fall konspirasjonstenking heller enn fruktbar dialog og handling? Her finst det mange svar og ingen av dei er enkle, meiner ho.

– Sterke kjensler, lite audmjuke

I dag er det eit ideal at kommunikatørar skal vere gode rådgjevarar heller enn gode bodbringarar, meinar ho.

– Men eg vil gjerne vere begge deler og har vald meg kommunikasjonsjobbar der dette ikkje berre er mogleg, men etisk naudsynt. Noko av det mest interessante dei siste åra, har vore å sjå – med klimadiskursen i bakhovudet – korleis samtalen om det norske Holocaust har utspelt seg, kva behov vi framleis har for kunnskap om dette feltet. Tonen i den offentlege debatten om nordmenns ansvar for jødedeportasjonane minner meg litt om klimaskepsisdebatten kring årtusenskiftet; sterke kjensler, til dels lite audmjuke og eit stort personfokus, seier ho.

Bjermeland seier at noko av det kjekkaste i jobben ho har hatt har vore å arbeida kvar dag for å forstå korleis fordommar oppstår og korleis dei kan utvikle seg til det mest groteske, og å formidle dette til ungdom og samfunnsleiarar for å forebygge framtidige krenkingar.

– Å få vera med på å auka medvitet om kva ein kommunikasjonsfunksjon kan bidra med i ein organisasjon der dette er ei nysatsing, har også vore spennande, seier ho.

Håpar kommunikatørar vil ta meir etisk ansvar

Framtida til bransjen seier ho kjem til å handla mykje om statistikk, i form av måling, analysar og evaluering av eige arbeid. Men og lyd og bilde i større grad.

– Eg trur vi kan vente oss fleire og meir stilsikre podcastar og videoproduksjonar også frå den norske forskingsverda. Sist, håpar eg at forskingskommunikatørar vil ta eit tydelegare og meir aktivt etisk ansvar – både i eigen organisasjon og i arbeidet med eksterne – ved å framelske openheit, også om det komplekse og usikre slik vi har lært av helsekommunikatørane det siste halvanna året. Slik eg ser det har kommunikatørar, og kanskje særleg forskingskommunikatørar, eit like stort ansvar som journalistar til faktarøkting, til å rettleie ålmenta i informasjonsflommen vi alle prøvar å halde oss flytande i, seier ho.

Powered by Labrador CMS