Jan Erik Kjerpeseth. Konsernsjef Sparebanken Vest.
Jan Erik Kjerpeseth. Konsernsjef Sparebanken Vest.

Ein dag skjønte Jan Erik Kjerpeseth kor viktig kommunikasjon er – no har han 21 000 følgarar på LinkedIn

– Eg vil få til noko med banken, men det er ikkje det å vera synleg i seg sjølv. Men det er ok å ha ei stemme, slik at om me vil melda noko, so vert me høyrt.

Publisert Sist oppdatert

– Om du tek ein synleg posisjon eksternt, må du og tune opp kor synleg du er internt. For eg trur det er ein giftig cocktail å vera synleg eksternt, men ikkje internt.

Det seier konsernsjefen i ein av landets største sparebankar, Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Han har jobba i banken i over 20 år og har etter kvart skjønt meir og meir om kor viktig det er med god kommunikasjon.

– Må vera genuint

Han var relativt tidleg ute med å ta i bruk reiskap som Twitter og LinkedIn og har etter kvart skaffa seg eit namn på LinkedIn. Han har og ein eigen podkast der han intervjuar næringslivsleiarar som han vil læra noko av.

– Eg var tidleg ute på LinkedIn og skjønte fort det kom til å verta eit kompetansenettverk, seier han.

No har han 21 000 følgarar der og når han postar på det sosiale mediet som mange ikkje heilt skjønar korleis dei skal handtera, har han ein reach frå 1000 til 30 000 på innlegga sine.

– Kva treff du best med?

– Det må vera genuint, litt engasjement, kraft og litt lite polert, seier han.

– Skriv du det sjølv eller gjer sekretæren din det for deg?

– Eg handterer mine eigne kontoar, og gjer nok mykje meir sjølv enn kva folk trur. Eg har ein kommunikasjonsrådgjevar som hjelper meg med oppspel til ting eg bør setja på dagsorden, men ho har ikkje eit einaste passord til mine sosiale medium-kontoar, seier han.

Kjerpeseth har vore ein bankmann heile livet. Dei er gjerne ikkje kjent for å vera dei mest fargerike menneska. Han starta karrieren si i Sparebanken Sogn og Fjordane då han var 23 år gammal og skulle leda to som hadde søkt på stillinga sjølve og var knallsure for at dei ikkje fekk den.

– Eg hugsar endå til at eg byrja med briller utan å trenga det, for å setja meg i respekt, fortel han.

Årsaka var at han leita etter det som kunne gje han gjennomslag då han skulle leia to stykk som var på alder med foreldra sine.

I 1999 byrja han i Sparebanken Vest som marknadsdirektør og skreiv lesarinnlegg i lokalmedia der han hevda at bankanes marknadsføring var langt frå keisam. I 2006 klatra han opp til å verta viseadministrerande direktør og han gjekk heilt til topps som konsernsjef etter at hans forgjengar måtte gå.

Sakte men sikkert gjekk det opp for Kjerpeseth om kor viktig det er med kommunikasjon, både internt og eksternt.

– Innanriksminister

– Eg var meir som ein innanriksminister i banken, eg var ikkje veldig synleg, innrømmer han.

Men på eit tidspunkt i 2011, då han framleis var viseadministrerande direktør, opplevde han at mange sa at Sparebanken Vest burde ta ein tydlegare posisjon i regionen.

Kjerpeseth gjekk og grubla litt på det og var eigentleg einig i at dei kunne bli meir synlege og at banken betydde meir for regionen enn kva dei klarte å synleggjera.

– Så det starta min tanke om at eg må bidra til å løfta banken fram eksternt på ein annan måte enn kva eg hadde gjort, seier han.

Så det heile var ganske tilfeldig. For samstundes som banken vart utfordra på det med det å vera synleg ringde Bjart Nygård Kjerpeseth og spurte om han ville bli ny nestleiar i styret for Bergen næringsråd.

– Så hadde ikkje eg vore på dei tankane om at eg skulle løfta banken litt meir fram, så hadde eg nok takka nei til den rolla den gongen, innrømmer han.

Det var starten på hans måte å vera meir aktiv i samfunnsdebatten.

Han skjønte då at dei måtte ta ein meir tydeleg posisjon som eit av dei toneangivande selskapa i regionen.

– Så er det ikkje sånn at det har vore ein stor strategi bak, men eg har sett kva som kan fungera og ikkje fungera. Og so har eg prøvd å vera tru mot det eg sjølv står for og det me skal stå for som bank, fortel han.

Han fortel at han og etter kvart har sett at det å vera synleg og få fram noko av det som banken står for, det å vera synleg og visa fram noko av det som skjer på innsida av banken, er kanskje noko av det aller viktigaste for å tiltrekka seg flinke folk.

Banksjefen fortel at han har erkjent i sin leiarjobb, at han får ikkje til noko åleine. Det handlar om at flinke folk vil jobba i banken.

– Det har vorte hovudinnfallsvinkelen på det eg gjer i sosiale medium. Det er å synleggjera, dela nokon refleksjonar frå banken som er interessante nok til at folk føl meg i sosiale media og så gjev det meg bra høve til å få bra spreiing på energien i banken, som gjer at folk har lyst til å jobba her, seier han.

Krev mykje av han

Det har blitt meir og meir eit employer brandingprosjekt der Kjerpeseth som toppleiar prøver å gå føre og visa at dei er engasjert i regionen. Men og å prøva å gå føre for å visa fram det som skjer i banken og alt det spanande som skjer, sånn at flinke folk har lyst til å byrja der.

– Det er strategien i eit nøtteskal, utan at det har vore nokon særleg strategi, seier han.

– Føler du at du har lukkast med det?

– Ja, det gjer eg. Ei undersøking i fjor viste at der IT-folk vil jobba er Bulder bank og Sparebanken Vest. Det er ei stadfesting på at me saman har lukkast med å bygga ein posisjon som ein attraktiv arbeidsgjevar. Det har vore viktig, seier han.

Han legg ikkje skjul på at det til tider er slitsamt å ha både blogg, pod, LinkedIn-konto og anna som skal oppdaterast. For han er klar på at det er han som skriv innhaldet sjølv, sjølv om han får folk til å lesa gjennom før publisering.

– Det er litt slitsamt, men eg føler eg må eiga det for å gjera det, seier han.

– Men er det brandet Kjerpeseth eller brandet Sparebanken Vest du bygger ved å gjera dette?

– Eg har ingen planar om å skifta beite, eg gjer dette som eg trur gjer at me vert ein betre bank. Og so trur eg at ein god bank har profilar, så difor er eg opptatt av å ta ein posisjon sjølv. Men eg vil og at dei andre skal verta profilar, seier han og understrekar at dette er eit kollektivt løft, der han må gå føre.

Jan Erik Kjerpeseth. Konsernsjef Sparebanken Vest.
Jan Erik Kjerpeseth. Konsernsjef Sparebanken Vest.

– Men eg er veldig opptatt av at alle i leiargruppa tek ein posisjon og torer å meina litt innan det dei er bekvem med. Og dess fleire profilar me har, dess betre er det for banken, meiner han.

– Torer dei å meina lika mykje som deg og å by på seg sjølv?

– Det er eit godt spørsmål, men det er ingenting i vegen for at har i alle fall min støtte til å meina lika mykje. Men det er klart at når du jobbar med bankens risikostyring, so er det kanskje ikkje kommunikasjon det du brenner for, eller det du føler deg tryggast. Så alle må få velja si tilnærming sjølv, seier han.

Kjerpeseth er opptatt av å henta lærdom frå andre plassar og hadde mellom anna nyleg eit møte med LinkedIn for å læra. Mellom folk som har inspirert han dreg han fram måten Anita Krohn Tråseth klarte å få Innovasjon Noreg til å verta ein attraktiv arbeidsgjevar.

Postane til LinkedIn og bloggen hans vert gjerne forfatta når han har fem minutt, gjerne mens han ventar på at ein fotballkamp skal byrja. Manus til poden lagar han saman med podcastprodusent Henrik Hylland Uhlving, og hovudførebuingane gjer han på kvelden dagen før, når ungane har lagt seg.

Han vil at pod-en skal vera lærerik.

– Kommunikasjonen må ligga litt føre

– For alle unge som ønsker å testa ut leiarskapsvegen er det for mykje teori og for lite praktisk. Difor skal det vera ein og to ting i kvar podkast som ein kan testa ut sitt eiget leiarskap, seier han.

Men trass i all ekstern profilering, så seier Kjerpeseth han gjer det for det interne sin del. Han seier at det faktum at banken er synleg eksternt, trur han er med og bygger stoltheit internt.

– Dei interne er ei viktig målgruppe i det me kommuniserer eksternt, seier han.

Og sidan det aller viktigaste er å vera synleg internt, takkar han nei til å vera med på veldig mykje eksternt. Han droppar mellom anna Arendalsveka, for han meiner det ikkje gjev han personleg noko.

– Det å vera engasjert digitalt opplever eg er ei mykje meir effektiv bruk av tid enn å vera til stades på masse konferansar og middagar. Det er ikkje noko for meg som småbarnsfar. Likevel trur eg at eg er meir synleg enn mange som er på mykje fleire middagar og konferansar, peikar han på.

Konsernsjef Kjerpeseth meiner at leiing handlar om to ting, å angi retning og utvikla folka dine. Han seier at leiing er kommunikasjon og du må visa veg.

– Ein må walk the talk, men og talk the walk. Du må formidla det du forventar, og nokre gonger må du også snakka som om du er komen lengre enn du faktisk er, for å få folk til å strekkja seg. For å få folk til å tenkja at; Å ja er det der me er, sjølv eg er ikkje komen heilt dit enno, dit må eg, seier han.

– Av og til må kommunikasjon ligga litt føre der me er, for å dra folk på plass.

Powered by Labrador CMS