Silje Andvik Hoaas i Alver kommune jaktar på ein ny kommunikasjonsrådgjevar.

Alver kommune jaktar kommunikasjonsrådgjevar – Desse 18 personane har søkt på stillinga

Svært mange noværande og tidlegare lokale journalistar står på søkarlista.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Alver kommune er ein ganske ny konstellasjon på den nordlege grensa til Bergen. Kommunen er sett saman av dei tre gamle kommunane Meland, Lindås og Radøy og har rundt 30 000 innbyggarar.

Kommunen søker no etter ein kommunikasjonsrådgjevar til staben sin. Vedkomande som får jobben vert ein del av avdelinga for innbygjarservice og kommunikasjon med elleve tilsette.

Den som får jobben skal leia arbeidet med å styrke og vidareutvikle Alver kommune sin internkommunikasjon.

Kommunen har i dag tre stykk som jobbar med kommunikasjon, og den som skal inn erstattar ein person som har fått jobb i ein annan kommune.

Silje Andvik Hoaas er avdelingsleiar for innbyggjarservice og kommunikasjon i Alver kommune. Ho seier ho er nøgd med å ha fått 18 søkarar på den ledige stillinga.

– Det var mange relevante spanande søkarar. Eg synes me har ei spanande og variert liste, seier ho.

Kommunen har kalla inn fem personar på ein fyrste samtale.

Målet er å gjennomføra ein rask prosess og har eit mål om å landa ein prosess innan neste helg.

– Eg er ivrig etter å få ein ny person på plass, seier ho.

Dei er altså tre personar som jobbar med kommunikasjon i Alver i dag. Andvik Hoaas seier ein kan aldri verta nok kommunikasjonsrådgjevarar i ein kommune.

– Me kan koplast på alle prosjekt i ein kommune. Me kan sjå på språket, måten ein kommuniserer på, måten ein involvererer på. Me har sett at å kopla informasjonsavdelinga på i prosjekta tidleg, gjer at me landar betre, seier ho.a

Andvik Hoaas byrja sjølv å jobba med kommunikasjon i dåverande Lindås kommune i 2014, i det som få var ei nyoppretta stilling.

Ho byrja med å oppretta intranett for kommunen, noko dei ikkje hadde.

– Det har vore ei spanande reise. Det har skjedd veldig mykje på den tida eg har jobba med kommunikasjon i Alver kommune, seier ho.

Søkarliste kommunikasjonsrådgjevar Alver kommune

NamnAlderStillingKjønn
Vegard Solsletten46Kundekonsulent InnbyggjarserviceMann
Marthe Bakke25Kvinne
Sondre Olsen37Fylkessekretær for Vestland KrF og politisk rådgiver for fylkestingsgruppenMann
Morten Sæle48Innholdsmarkedsfører
Crystal Nicole Andvik39Kvinne
Renate Almelid Trengereid25Kvinne
Nina Bentsen25Selger/MarkedskoordinatorKvinne
Marielle Tøsse27Kvinne
Kjell Mjelleli55NettverksbyggarMann
Sandra Vågstøl-Mcclurg38LærarKvinne
Grethe Halland50LærarKvinne
Marianne Feste40senior kommunikasjonsrådgivarKvinne
Ketil Tjore47SpesialkonsulentMann
Veslemøy Gurvin Vindheim30Kvinne
Henrik Hauken33JournalistMann
Kari-Anne Mjelde44Kvinne
Simon Tesdal28SalgsmedarbeiderMann
Irene Bratteng Bratteng Fossheim32LederKvinne

Powered by Labrador CMS