Så mykje har annonseinntektene til Facebook og Google auka i Noreg dei siste åra
Milliardane renn inn for dei amerikanske gigantane. Taparane er norske mediehus.
Globale aktørar med Facebook og Google i spissen har meir enn dobla inntektene sine frå den norske annonsemarknaden i løpet av dei siste fem åra.
Det viser tal frå Medietilsynet som vart slept på tysdag.
Då offentleggjorde dei ein oversikt over utviklinga i norske medieøkonomi i perioden 2017 til 2021.
Og rapporten er tydeleg på at Facebook og Google forsyner seg grovt i den norske medieøkonomien.
To milliardar på eitt år
Desse aktørane står for størstedelen av veksten i annonseringa på internett. I 2021 tok dei ytterlegare marknadsandelar i den norske reklamemarknaden.
Berre frå 2020 til 2021 auka dei to amerikanske gigantane reklameinntektene med rundt to milliardar kroner i Noreg.
I 2017 var reklameinntektene til Google og Facebook på 4,3 milliardar kroner, om lag på same nivå som reklameinntektene til avisene. I 2021 var reklameinntektene til Google og Facebook på 9,2 milliardar kroner – meir enn dobbelt så mykje som reklameinntektene til avisene på 4,3 milliardar kroner, kjem det fram i Medietilsynets rapport.
Verken Google eller Facebook offentleggjer kor store inntekter dei har i den norske marknaden. Framstillinga baserer seg derfor på anslag frå mediebyrå og bransjeorganisasjonar, i tillegg til statistikkar frå IRM (Institutt för reklam- och mediestatistikk) over reklameinvesteringar i den norske marknaden.
Facebook og Google tok over
Det finst ikkje anslag for inntektene Facebook hadde frå den norske marknaden før 2015. Inntektene er likevel fanga opp som ein del av «anna annonsering internett» for desse åra. Så langt Medietilsynet kjenner til, fekk ikkje Facebook større annonseinntekter frå den norske marknaden i åra før 2013.
Fram til Google og Facebook etablerte seg i den norske annonsemarknaden, var annonseinntekter den viktigaste inntektskjelda for dei leiande dagsavisene.
Dei siste fem åra har avisene tapt 228 millionar kroner eller 5,1 prosent av annonseinntektene.
Fram til 2020 har den norske reklamemarknaden totalt vore på rundt 20 milliardar kroner. Frå 2020 til 2021 auka dei totale annonseinvesteringane i Noreg kraftig frå 19,8 til 23,5 milliardar kroner. Det er ein auke på 18,7 prosent.
I 2019 var reklamemarknaden på 21,1 milliardar kroner, så ein stor del av auken i 2021 kom dermed fordi reklameinntekter som gjekk tapt på grunn av koronapandemien, kom tilbake. Den norske reklamemarknaden var nær 2,5 milliardar kroner større i 2021 enn i 2019.
Fram til 2017 var marknaden for reklame i tv og radio i vekst, men etter 2017 har reklameinntektene til desse aktørane samla falle med 12 prosent eller 488 millionar kroner. Reklameinntektene til tv-verksemdene fell mest både i kroner og prosent.
I 2021 hadde dei nasjonale kringkastarane vel 4 milliardar kroner i reklameinntekter. Inntektene auka med 7,7 prosent, eller 288 millionar kroner, frå året før.
Lågare sjåartal
Ein stor del av inntektsauken kom av at kringkastarane henta tilbake reklameinntekter som gjekk tapt under koronapandemien. Reklameinntektene til radioverksemdene var i 2021 tilbake på nivået før dei sløkte FM-sendingane.
Det er til vanleg nær samanheng mellom sjåar- og lyttartal og nivået på reklameinntektene. Ein nedgang i reklameinntektene til radio- og tv-verksemdene kjem ofte som følge av lågare oppslutnad.
Dei kommersielle tv-verksemdene hadde lågare sjåartal i 2021 enn året før. Når reklameinntektene til tv-verksemdene likevel auka i 2021, kan det komme av etterverknader av pandemien.
Det var kraftig vekst i den norske reklamemarknaden i 2021. Ei anna forklaring på auken kan vere at tv-verksemdene har tatt sin del av denne veksten. Tala for reklameinntektene til tv-verksemdene er henta frå IRM.15
Reklameinntektene til tv-verksemdene inkluderer inntekter frå sal av reklameplass retta mot den norske marknaden og inntekter som er genererte av utanlandsbaserte tv-kanalar som TV3 og MAX.