Arne Eithun når han får høyra han må laga ei «faseforskjøvet pressemelding».

Kommentar:

Den midtarste hylla

Eg hugsa ein gong eg tøffa meg med eit ord. Eit framandord frå øvste hylle. Heldigvis var det ingen som spurte meg kva det tydde.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Vi har alle vore unge og dei fleste har sete på skulebenken og lært seg ein haug med ord og faguttrykk. Dei må nesten brukast, det er jo sjølve vitnemålet på at vi faktisk har lært noko. At vi ikkje er inadekvate. Det skulle tatt seg ut.

Her for ei stund sidan, i samband med offentleggjering av ein rapport, vart eg kjent med eit artig ord. Nokon meinte vi måtte lage ei «faseforskjøvet pressemelding».

Sjølvsagt.

Det var det første eg tenkte på.

Nesten kvar dag dukkar dei opp. Ord som fører til stopp. Ord som gjer at vi lurer ein lite augneblink, eller kanskje ein veldig lang blink. Nokre gonger antar vi og veit sånn om lag kva det betyr, andre gonger trur vi og i verste fall tippar vi kva det tyder. Framandord er med andre ord farlege, og det må vere nokså plausibelt å forlange at vi unngår bruken av desse.

Offentlege etatar har kome langt i arbeidet med klart språk. Det trur eg vi skal vere veldig glade for. For måten vi kommuniserer på, både med kvarandre og med omverda, er avgjerande for korleis vi blir opplevd. På same måte som vi er opptekne av å vere opne organisasjonar, er det viktig at vi gjer oss forstått. At vi er tydelege. At folk forstår kva vi skriv. Eller kva vi seier. At dei ikkje går og lurer. Om du skjønar. For det hjelper lite om vi opnar for innsyn om det som blir opna innsyn i ikkje er til å tyde. Då blir ting fort litt kaudervelsk, eller kva det heiter, rett og slett.

Språket vårt er noko av det vanskelegaste vi omgir oss med. Eit paradoks og ei velsigning på same tid. Og vi bør tenke oss godt om når vi går i hjernehylla vår for å velje ord. Dei finaste, og mest etymologiske orda ligg heilt øvst, men dei passar til svært sjeldne høve. Hugs det. Stort sett skal dei brukast til eksamensfestar og den slags, når du berre skal overtyde ein eksaminator, eller ein fagnerd, om at dette ordet har du kontroll på.

Orda på nedste rekke skal du også passe deg litt for å bruke, kan du seie, liksom. Dei meiningslause orda som ligg litt for laust på tunga di – og som helst passar om du ynskjer utløp for småleg frustrasjon, uferdige tankar eller litt irritasjon. Mange brukar dei når dei skal skitne ting til litt, skjelle ut noko eller nokon, eller berre beskrive ein eller eitt som er sjukt bra eller dårleg. Eller helt sykt, som sportsjournalisten seier. Herlighet altså, det kan vel ikkje vere så vanskeleg å skjøne.

Nei, gå for dei i midten du. Dei orda som folk flest brukar i kvardagen. Kvardagsorda. Dei vi finn i klassen lett mellomvekt. Vi blir ikkje mindre profesjonelle om vi nyttar oss meir av desse orda, slik enkelte kanskje trur. Sjølvsagt er ikkje det alltid like lett, og det ligg ikkje for alle å mikse formuleringar som ikkje lèt etter seg noko rom for tvil hjå mottakar. Men prøv. Neste gong du sit og smattar på eit framandord, til dømes prosessuelt eller risikokalibrerte eller inkommensurabelt, spør deg sjølv: Finn eg eit anna legio adekvat og stringent synonym å bruke i staden?

Det trur eg du gjer, du må berre leite i den midtarste hylla!

Powered by Labrador CMS